Kategori: Kultur
-

8140 publikummarar besøkte Litteratursymposiet i Odda sine 100 arrangement forrige veke. 1720 av desse var born og unge i skular og barnehagar i Odda og Ullensvang, fortel festivalleiar Ingvild Ystanes i ei pressemelding. Den førre rekorden var på 8047 og var frå 2011. – Billettinntektene passerer 600 000, men vert truleg noko mindre enn i fjor,…
-

Dei siste åra har arrangementet Hallo Odda i tillegg til gjester, hatt to blad Eikemo på scenen. I år var det berre eitt, Marit Eikemo, men syskjenbornet, Lars, var på ingen måte fråverande sjølv om Frode Grytten overtok som såkalla side – kick. Arrangementet hadde mogelegvis verdas beste husband og, med Pedro Carmona Alvarez som…
-

Med Litteratursymposiet 2018 vel i hamn, kan festivalleiar Ingvild Ystanes slå fast at det stort sett har vore fulle hus. Ho er spesielt glad for at det var mykje folk på dei mindre og såkalla smalare arrangementa i år. – Me måtte faktisk avvisa folk på somt fordi det var fullt, fortel ho i samtale…
-

Under opninga av Litteratursymposiet 2018 entra Frode Grytten scenen i Odda Kino som Helge Olsen, Oddas mest gjennomsnittlege mann, noko som har vorte ein tradisjon når det er litteraturfestival i Odda. Og Helge Olsen har meiningar om mykje, mellom anna asbest, Donald Trump og kommunesamanslåing med meir. På lenka under kan du høyra det fornøyelege…
-

I dag startar billettsalet til revyen «Ikkje heilt sentrisk». Laurdag 27.oktober er det Haustfest i grendahuset i Sundal med revy, matservering og dans med Bandet Lazy. På Mauranger og Ænes bygdelag sine nettsider ligg det ein humoristisk filmsnutt som marknadsfører revyen. Programsekretær JK Flattun har intervjua Kristian Bondhus Jensen som fortel at dei har revy…
-

I statsbudsjettet for 2019 vert det gjort framlegg om eit samla tilskot på vel 1,8 milliardar kroner til museum og visuell kunst. Det er ein auke på om lag 235 millionar kroner frå 2018. Det er mellom anna framlegg om auke i løyvingane til Baroniet i Rosendal. – Norske museum er viktige kulturarvsinstitusjonar som medverkar…
-

Stina Aasen Lødemel (40) frå Ørsta er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne. Ho tek over 1. november etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som frå same dato er direktør i Nynorsk kultursentrum. Lødemel har vore redaksjonssekretær i Allkunne frå 2013. – No når kven som helst kan skrive kva som helst på…
-

– Me er nok viktigare for folk enn mesjølve forstår, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum etter 25-årsjubileet før helga. – For tilsette i ein institusjon som vil vere til nytte for andre, gjer det godt å høyra så mange seia at det me gjer, betyr mykje. Det skal me vita å utnytte i…
-

Den kulturelle skulesekken har i mange år vore fylt med gode kulturelle tilbod til barn og ungdom. No skal elevane sjølve få vera med å bestemma innhaldet ifylgje Hordaland Fylkeskommune. Eit nasjonalt ungdomsråd har det siste året hatt mange diskusjonar og kome med forslag til medverknad for dei unge. – Me ynskjer ei eiga deltakarnettside…
-

– Eg merkar auka interesse for lokalmat, seier Kristin Glück-Teigland, som er student på det første studiet i Noreg innan lokal matkultur. 13 studentar har starta utdanninga på tidlegare Hjeltnes gartnarskule i Ulvik. Studiet i Hardanger er i regi av Hordaland fylkeskommune gjennom Fagskulen i Hordaland. Studiet er eit tilbod til studentar i heile landet,…