Meny Lukk

Publikumsrekord på Litteratursymposiet 2018

8140 publikummarar besøkte Litteratursymposiet i Odda sine 100 arrangement forrige veke. 1720 av desse var born og unge i skular og barnehagar i Odda og Ullensvang, fortel festivalleiar Ingvild Ystanes i ei pressemelding.

Den førre rekorden var på 8047 og var frå 2011.  – Billettinntektene passerer 600 000, men vert truleg noko mindre enn i fjor, då vi selde for 665 000 kroner

– Fint å slå den gamle rekorden. 2011 har vore vanskeleg å slå. Det året var tema Bråk, vi hadde store skuleforestillingar, og det var det året Sentralbadet Litteraturhus opna som landets 2. litteraturhus, seier Ystanes.

– Alle andre er jo opptatt av rekordar. Vi har vore mest opptatt av å laga ein så god festival som mogleg. Ambisjonen var eigentleg å ta det noko ned, men det gjekk berre sånn passe bra. Ekstra kjekt då at vi fyller opp og at det var fleire arrangement vi måtte vise folk som ikkje hadde billettar vekk, det var fullt. I tillegg til 100 arrangement har vi lyssett store deler av smelteverket og opna opp nye bygg for publikum.

Bilete frå arrangementet Forræderens guide til Nord – Korea på Iris Scene med (f.h.) Morten Traavik i samtale med Bjørn Olav Jahr.
Det var ikkje ein stol ledig.
Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: