Den kulturelle skulesekken har i mange år vore fylt med gode kulturelle tilbod til barn og ungdom. No skal elevane sjølve få vera med å bestemma innhaldet ifylgje Hordaland Fylkeskommune.

Eit nasjonalt ungdomsråd har det siste året hatt mange diskusjonar og kome med forslag til medverknad for dei unge.

– Me ynskjer ei eiga deltakarnettside der elevane kan lesa seg opp og sjå videoar, både før og etter, og senda tilbakemeldingar. Me vil oppretta kulturelle skulesekkråd i alle fylke der elevane er med i planleggingsprosessen når tilbod skal veljast ut, og me vil ha eit generelt tilbakemeldingsverktøy som kan gje statistikk og tilbakemeldingar, seier Laila Voll i det nasjonale ungdomsrådet.

Den første i sitt slag 

Dette forslaget vart presentert på den aller første konferansen i landet om elevmedverknad i den kulturelle skulesekken som gjekk 26. og 27. september på Amalie Skram videregående skole i Bergen.

Totalt 500 offentlege millionar kroner går kvart år til kulturelle tilbod til barn og unge gjennom den kulturelle skulesekken. 285 millionar kroner vert forvalta av kulturdepartementet gjennom Kulturtanken. Resten av millionane kjem frå fylkeskommunar og kommunar over heile landet.

Kva er god elevmedverknad? 

På konferansen vart det stilt spørsmål om kva som er god elevmedverknad? Kva medfører det å ha elevmedverknad i planlegging, produksjon, formidling og evaluering, og i kva grad ynskjer elevane sjølve å medverka?

Kulturminister Trine Skei Grande innleia konferansen.

– No skal elevane medvirka til den kulturelle skulesekken og ikkje berre konsumera kunsten. Dei skal vera med å ta val og bidra. Kunst skal nå fram til så mange som mogeleg, også dei som ikkje har oppsøkt den. Det er stor breidde i kunsten. I dag kan me spreie den på mange fantastiske måtar. Kunst og kultur har alltid vore viktig for oss, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Må tora å sleppa elevane til 

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun meiner den norske skulen er ein viktig arena for demokrati og kultur.

– Elevmedverknad er kjempeviktig, men då må me tore å sleppa elevane til. Medverknad krev at elevane vert tekne 110 prosent på alvor. Me må høyra på alle nye idear og kreativitet. Denne konferansen er ein viktig arena for læring og erfaringsutveksling, og viktig for å verta kjende med kvarandre og skapa gode relasjonar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Nye og betre måtar 

Det nasjonale ungdomsrådet er nedsett av Kulturtanken. To av medlemmene, Emelie Kjærnli Kristiansen og Laila Voll, delte tankane sine på konferansen.

– Alt dette handlar om at røysta til elevane skal verta høyrte. Korleis skal me få til elevmedverknad om me ikkje høyrer på dei unge. No skal me finne nye og betre måtar å formidla kultur på, det som elevar i dag og i morgon har lyst til å oppleva. Me gler oss til å sjå framtidas kulturelle skulesekk, seier Emelie Kjærnli Kristiansen og Laila Voll i ungdomsrådet.

Arrangørar er Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kulturtanken. Konferansen vart avslutta torsdag 27. september.

På biletet: The Unknown. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.