Meny Lukk

Nytt studium aukar interessa for lokalmat

Eplehøst

– Eg merkar auka interesse for lokalmat, seier Kristin Glück-Teigland, som er student på det første studiet i Noreg innan lokal matkultur. 13 studentar har starta utdanninga på tidlegare Hjeltnes gartnarskule i Ulvik.

Studiet i Hardanger er i regi av Hordaland fylkeskommune gjennom Fagskulen i Hordaland. Studiet er eit tilbod til studentar i heile landet, men flest kjem frå Hordaland.

Spør kvar maten kjem frå

– Spesielt norske turistar spør ofte kvar maten kjem frå og kva den er laga av. Då eg høyrde om studiet, følte eg meg nesten plikta til å hiva meg på. Eg er heldig, seier Kristin Glück-Teigland til avisa Hordaland. Ho driv bygdemuseet Storeteigen i Øystese som tilbyr overnatting og matservering.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er glad for at fylkeskommunen har fått i gang ny aktivitet i den tidlegare vidaregåande skulen på Hjeltnes.

Kan gje mange arbeidsplassar

– Dette er eit landsdekkande og heilt nytt studietilbod i Ulvik som har tiltrekt seg personar som ynskjer å starta ein karriere innan tradisjonell matkultur. Her har Hordaland sett seg i førarsetet og teke ansvar for ei utdanning som kan gje mange arbeidsplassar i distriktet innanfor mat, kultur og reiseliv. Dette har me venta på lenge, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Godt miljø i klassen

Studiet på Hjeltnes er nettbasert, på deltid og går over tre år. Seks veker i året er studentane på skulen. Første veka er gjennomført.

– Miljøet i klassen vart fort godt. Me har felles interesse for mat. Alle er svært engasjerte og diskusjonane held gjerne fram til langt på kveld. Det er viktig å ta vare på og forvalta den lokale matkulturen. Med dette studiet gjer me det. Lokal mat har ei etisk side. Me har plikt til å vita noko om kvar maten kjem frå, seier Kristin Glück-Teigland.

Engasjert

Andrid Solaas Innset er ein av dei fagansvarlege for studiet.

– Det er svært kjekt å vera i gang med dette som me har jobba for så lenge. Studentane er ein svært kjekk og engasjert gjeng. Dei fleste har bakgrunn frå matutdanning, er kokkar eller agronomar, eller har jobba med mat.

På Hjeltnes skal studentane få ei overordna matutdanning og få god kunnskap om produksjon, kvalitet og foredling av matvarene.

Både lokal og nordisk matkultur

–Mei brukar mest lokal mat frå Hardanger, men kunnskapen kan overførast til andre stader. Me underviser både i lokal matkultur og nordiske matkulturar. Når dei er ferdige med studiet her, vert dei fagteknikarar i lokal matkultur og kan jobba i bedriftar med matproduksjon, verta lærarar eller rådgjevarar, eller dei kan starta eiga verksemd som restaurant eller hotell, seier Andrid Solaas Innset.

Bilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: