I statsbudsjettet for 2019 vert det gjort framlegg om eit samla tilskot på vel 1,8 milliardar kroner til museum og visuell kunst. Det er ein auke på om lag 235 millionar kroner frå 2018. Det er mellom anna framlegg om auke i løyvingane til Baroniet i Rosendal.

– Norske museum er viktige kulturarvsinstitusjonar som medverkar til læring og danning. Musea fungerer òg som brubyggjarar mellom ulike grupper i samfunnet og er felles arenaer for kultur- og historieformidling. Me ynskjer å styrka museumssektoren for å legga til rette for vidare utvikling, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Hovuddelen av auken gjeld kostnader for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Nybygget på Vestbanen for Nasjonalmuseet skal etter planen stå ferdig for innflytting og prøvedrift i 2019. Bygget vert oppført innanfor husleigeordninga i staten. Det vert difor gjort framlegg om å auka tilskotet til museet med halvårseffekt for kostnadsdekkande husleige og auka kostnader til museumsdrifta i nybygget i 2019.

Museum Vest og Bergens Sjøfartsmuseum har gjort vedtak om konsolidering. Det vert gjort framlegg om å auka tilskotet til den nye konsoliderte eininga for å styrka det museumsfaglege arbeidet. Det er eit vilkår at Gestapomuseet i Bergen òg vert ein del av den nye konsoliderte institusjonen.

Det blir vidare gjort framlegg om auka driftsstøtte til andre museum, som Preus museum, Valdresmusea, Baroniet Rosendal og Helgeland museum.

I framlegget ligg òg ein auke på til saman 5,4 millionar kroner til tiltak som skal styrka arbeidet med mangfald, integrering og kamp mot fattigdom. Dette gjeld ulike tiltak i regi av Norsk Teknisk Museum, Østfoldmuseene, Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Norsk Bergverksmuseum, Oslo Museum, Nord-Troms Museum og Bymuseet i Bergen.

Bilete: Illustrasjon. Fotograf Tone Mannsåker

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.