Podkast: Idrett i Hardanger og på Voss

Idrott i Hardangar og Voss, ein podkastserie av Knut O. Dale, med redigering av Jan Ketil Flattun.

Episode 1: Korleis er idrottsmiljøet og idrottsanlegga i Strandebarm? Vi høyrer frå Sverre Sørnes, som var blant verdens beste på 3000 meter hinder i 1971. 

Episode 2: Kvifor har det kome så mange OL- og VM-vinnarar frå Voss? Vi høyrer frå Lars Bystøl, Magne Sørestrand og Svein Inge Stryve.

Episode 3:  Den beste skyttaren gjennom alle tider? Vi høyrer frå Svein Medås og Jan Ivar Rødland om Olav Medås, skyttar, og skyttarmiljøet i Granvin. 

Episode 4: Korleis er skyttermiljøet på Voss? Vi høyrer frå Sigur Liland og Lars Kåre Almeland, deira prestasjonar og korleis dei bidrar til skyttarmiljøet på Voss. 

Episode 5: Ein ekte Vestlandsmeister. Vi høyrer frå Johan Børsheim og hans innsats  for skimiljøet lokalt i Ulvik, for regionen og for heile landet. 

Episode 6: Skyttarprinsessa frå Hardanger og Voss. Vi høyrer frå Liv Sollesnes, den beste skyttaren i Hardanger og Voss dei siste 35 åra, og bror hennar Bjarne Sollesnes. 

Episode 7: Ein legende i friidrett. Vi høyrer frå Nils Hjeltnes som fortel om broren Knut, fem ganger kongepokalvinnar i friidrett. 

Episode 8: Vi får høyre frå Harald Otto Ålvik, og vi skal få eit tilbakeblikk på idrottsmiljøet i Øystese på 60-talet. 

Episode 9: Frå Idrettslaget Korlevoll til VM i Korea. I denne episoden skal vi bli kjent med Ingvild Måkestad Bovim og hennar idrettskarriere i friidrett.

Episode 10: Ein Odding som er den mannlege symjaren med flest norgesmesterskap gjennom alle tider. Vi blir betre kjent med Arne Borgstrøm og hans karriere. 

Radio Folgefonn er ein lokal radiokanal driven av engasjement, frivillig innsats og kjærleik til Hardanger. For å halde fram med å lage gode program om lokalsamfunn, kultur og historie, er vi avhengige av støtte frå lyttarane våre.

Du kan bidra ved å betale frivillig lyttaravgift til kontonummer 3658.09.02361.
Kvart bidrag, stort eller lite, hjelper oss å halde mikrofonen open for Hardanger-røystene.