Meny Lukk

Haustfest med revy i Mauranger

I dag startar billettsalet til revyen «Ikkje heilt sentrisk». Laurdag 27.oktober er det Haustfest i grendahuset i Sundal med revy, matservering og dans med Bandet Lazy. På Mauranger og Ænes bygdelag sine nettsider ligg det ein humoristisk filmsnutt som marknadsfører revyen.

Programsekretær JK Flattun har intervjua Kristian Bondhus Jensen som fortel at dei har revy annakvart år og at kjende og kjære karakterar dukkar opp i tillegg til nye innslag. – Eg vonar at folk frå Odda og Rosendal og andre bygder rundt oss også har lyst til å vera med, seier han. – I fjor var det 200 personar som var med.
Høyr heile intervjuet under.

Bilete: Revyartistar. Bilete: mauranger.com.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: