Med Litteratursymposiet 2018 vel i hamn, kan festivalleiar Ingvild Ystanes slå fast at det stort sett har vore fulle hus. Ho er spesielt glad for at det var mykje folk på dei mindre og såkalla smalare arrangementa i år. – Me måtte faktisk avvisa folk på somt fordi det var fullt, fortel ho i samtale med programsekretær JK Flattun. – At til dømes litterære samtalar trekk mykje folk, er veldig kjekt.

At det var delt oppfatning om kinosalen som arena istadenfor Lindehuset, var som forventa. – Somme sa at endeleg får me sitta godt, medan andre meinte at det ikkje er det samme utan Lindehuset som ramme, seier Ystanes.

Kor vidt kinosalen vert permanent arena for dei store produksjonane i framtida, får du høyra på lenka  under.

Trass i søppande regnver hadde Frode Grytten ein lang, lang hale med regnverskledde menneske bak seg då han, tradisjonen tru, gjekk Bikubegang.

På biletet ser me siste post  på Bikubegang, kinotrappa, der Pedro Carmona Alvarez avrunda det heile, også det tradisjonen tru, med god hjelp frå Tyssedalkoret.
Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese