Meny Lukk

Reine lykkepilla

Dei siste åra har arrangementet Hallo Odda i tillegg til gjester, hatt to blad Eikemo på scenen. I år var det berre eitt, Marit Eikemo, men syskjenbornet, Lars, var på ingen måte fråverande sjølv om Frode Grytten overtok som såkalla side – kick.

Arrangementet hadde mogelegvis verdas beste husband og, med Pedro Carmona Alvarez som kapellmeister.

Hallo Odda som forøvrig trakk stappfull kinosal (nær 500 plassar), starta med ein blodfersk film, og filminga er gjort i løpet av symposiedagane. Kor vidt filmen er eit resultat av eit spontant innfall skal vera usagt, den var iallefall openberrt inspirert av at forfattaren Gunnar Staalesen deltok på symposiet i år, for kven andre enn Varg Veum dukka opp på filmlerretet. I hovudrolla – Lars Eikemo, så klart.

Filmen var ein artig opptakt til den ny side – kicken sitt inntog på scenen, for Veum sitt oppdrag var å finna ein forsvunnen Grytten. Noko han klarte etter å ha slått ned sjølvaste Staalesen i Lindehuset og knust ei dør med slegge for å frigjera den innelåste Grytten. Filmen sluttar med at han går ut ei dør samtidig som han i verkjeleg tid kjem inn i kinosalen frå venstre utgangsdør – bada i spotlight.
Fiffig.

Og så var det i gong.

– Det blei for mykje for Odda med to Eikemoar på scenen i Hallo Odda , kom det frå Grytten, medan Eikemo meinte at forfattarkollegaen, hadde pressa seg inn.  Der og.
– Nei, nei, det var arrangørane som meinte at eg var for lite synleg i programmet, svara Grytten, til latterbrøl frå salen.

– Visste dåke forresten at Eikemofamilien er det nærmaste vi komme Team Ingebrigtsen her i Odda? spurte Grytten.

Då var arrangementet verkeleg i gang.

Det er sjeldan fritt for spinnville innslag når Frode Grytten og Marit Eikemo står på dei store scenane i Odda , ei heller denne gong. Dei første gjestene måtte legga handa – ikkje på Bibelen, men på Bikubesong, og sverga noko omlag som dette; eg lovar å fortelja heile sanninga, så hjelp meg Roald Aga Haug. Dette skapte naturlegvis munterheit i salen, ikkje minst då Aga Haug, som også var gjest på scenen, måtte sverja i Terje Kollbotn sitt namn.

Brit Aksnes var første gjest. Ho har skrive bok om korleis norske menn ser på seg sjølve, der ho kunne fortelja om enkelte paradoks som ein berre må le av. Iallefall om ein er hokjønn.

Amerikanaren John – Erik Reiley bur i Noreg, han vart og invitert opp. Han fekk spørsmål om Trump og slo fast at presidenten si framferd ikkje er til å  le av i det heile tatt, og at amerikanske medier litt for seint har gripe fatt i alvoret knytt til dei mange løgnene hans.

Arrangementet heldt seg lauseleg til temaet løgn eller sanning og ordføraren i Odda, Roald Aga Haug, vart utsett for litt småfrekk grilling angåande politikarar si sannferdigheit. Aga  Haug er ikkje så reint lite slagferdig sjølv, så det var ikkje berre publikum som opna latterdørene. Dei stod meir enn litt på gløtt på scenen og, for å ha sagt det.
Ordføraren vart i tillegg utsett for ein løgndetektortest, noko han meinte var langt utafor den avtalen ein hadde på førehand, men han let seg godmodig hersa med.
Problemet var berre det at Grytten som var sett til å betena teknikken, ikkje fekk det til, trass i hektisk sufflørbistand frå salen. Det enda med at suffløren, Gro Kollbotn, måtte gå på scenen for å gje aktiv assistanse. Kombinasjonen av intensjon og faktisk situasjon vart hylande morosam, så det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Publikum var og så heldige å få sjå og høyra Gunnar Staalesen, mannen som mellom anna har skrive 19 bøker om Varg Veum.  Han var i strålande form og det var ein lun passiar mellom han og radarparet Eikemo/Grytten.

Siste gjest var multikunstnaren Unni Askeland som mellom anna delte frå eigne opplevingar med og på Tinder.  Mange av dei som har sett og høyrt Askeland er einige om at ho er eit heilt, lite eventyr i seg sjølv, og modig. Veldig modig.
Ho kan gå frå det nesten burleske til det aller såraste i ei og samme setning.

Hallo Odda 2018 var eit behageleg samansett arrangement og sjarmerande gjennomført. Det vart avslutta med Frode Grytten sine refleksjonar rundt kva han ville gjort om han var president i Amerika, med eit skrått blikk og det fabelaktige husbandet attåt.

Og no er det Ha det Odda, for denne gong.

På bilete f.v.: Frode Grytten, Marit Eikemo og Roald Aga Haug, samt deler av husbandet.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: