Tidene endrar seg

Det har vore ei spanande og ikkje minst utfordrande reise å vera ansvarleg redaktør i Radio Folgefonn. Underteikna vart tilsett i 2005 og overtok redaktøransvaret i 2009, no er tida moden for å sleppa taket. Frå 1.februar har eg inga formell tilknytning til lokalradioen,  men vil halda fram som bakvakt/frivillig medarbeidar og  – gjesteskribent innimellom. […]

Galleri G Guddal har programmet klart

Galleri G Guddal i Rosendal har utstillingsprogrammet for 2019 klart. Gallerist Gøril Guddal fortel i ei pressemelding at galleriet opnar laurdag 13. april (palmelaurdag). Programmet vert som fylgjer:: 13. april – 5. mai: Lasse Berntzen – akvarell   mai – 9. juni: Ingri Egeberg – maleri, teikning og grafikk   juni – 14. juli: Frank […]

Jubileumsåret som fornya tradisjonane

I 2018 feira Nynorsk kultursentrum 25 år, arrangerte Ulvik poesifestival for tiande gong, og markerte 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje. – Desse jubilea brukte vi til å formidle kunnskap og opplevingar til over 600 000 brukarar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrumi ei pressemelding. Ny kunnskap om […]

Linda Eide er årets hordalending

– Eg er beæra. Dette var uventa, seier Linda Eide som er kåra til Årets Hordalanding 2018. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun utnemnde forfattaren og journalisten på nyttårsmøtet i Bergen 3. januar. Dette fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine. – Dette er veldig inspirerande. Eg har alltid likt fylkeskommunen, men visste ikkje at fylkeskommunen likte meg, […]

Idrettsstipend til fem unge talent

Gaute Kvåle

Hordaland fylkeskommune har tildelt utviklingsstipend til fem lovande utøvarar, mellom dei Gaute Kvåle frå Røldal  Det blei og heidra seks idrettsutøvarar for særleg gode resultat i år, då dei har vunne medalje i VM eller OL i 2018, fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine. Kvart stipend er på 30 000 kroner, og blei delt ut på […]

Ringen er slutta

Nå det gamle Merkur – skiltet kom på plass inne på nye Iris Scene innan 25 – årsjubileet, er det på sett og vis ein slags milepel. – No – med eige hus og, er ringen slutta seier leiaren i Blueslaget lokst utøve, Stein Egil Legård, i samtale med programsekretær JK Flattun. Sjølve jubileumsfeiringa med […]

Frivillige organisasjonar mottar 1,4 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga i desember

I desse dagar mottar fleir enn 24.000 organisasjonar meir enn 1,4 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga. Nærare 600 fleire organisasjonar får del i ordninga i år enn i fjor. Det store talet på mottakarar viser at ordninga når heilebreidda av frivillige organisasjonar skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding. Momskompensasjonsordninga er viktig for dei frivillige organisasjonane slik at […]

Desse skal laga ny utstilling til Vinje – senteret

Går finansieringa etter planen, opnar Vinje-senteret for dikting og journalistikk basisutstillinga si i 2021. Harald Stanghelle, Ingrid Sponheim, Kristian Lødemel Sandberg og Sigrun Høgetveit Berg har takka ja til å sitta i gruppa som planlegg ny utstilling ifylgje ei pressemelding frå Vinje – senteret. – Vi gler oss til å finne interessante emne, gode forteljingar […]

Lars Saabye Christensen opnar den 46. Vossa Jazz – festivalen

Saabye Christensen debuterte i 1976 med diktsamlinga Historien om Gly og mottok for denne Tarjei Vesaas debutantpris. Han har skrive ei rekkje dikt og skodespel og fleire filmmanuskript, men har først og fremst utmerka seg som novellist og romanforfattar, skriv Vozza Jazz i ei pressemelding. Gjennombrotet kom med romanen Beatles i 1984 som gav han […]

Magi i praksis

Lørdag kveld opna Iris Scene dørene for eit arrangement som kjem til å ha ein spesiell plass i hjarta til alle som arbeider i og for lokalradioen – for all framtid. Arrangementet hadde det klingande namnet Støttekonsert for Radio Folgefonn og hadde ei aldeles utruleg liste med lokale musikarar og songarar på plakaten. Og for […]