Meny Lukk

Linda Eide er årets hordalending

– Eg er beæra. Dette var uventa, seier Linda Eide som er kåra til Årets Hordalanding 2018. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun utnemnde forfattaren og journalisten på nyttårsmøtet i Bergen 3. januar.
Dette fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

– Dette er veldig inspirerande. Eg har alltid likt fylkeskommunen, men visste ikkje at fylkeskommunen likte meg, seier Linda Eide som gjev pengane til attreising av Pederhuset på Breim som musikar Sigrid Moldestad står bak. Det skal bli eit lokalt kulturhus for formidling av folkemusikk. Peder Råd var læremeisteren til Moldestad.

Sterk formidlar

Linda Eide blir heidra som ein sterk kulturberar og formidlar av det norske språket og særskilt det nynorske. Ho har evne til å sjå både med auga og med hjartet og gjer det ordinære om til noko underfundig og attkjenneleg for mange. Ho har ei eiga evne til å ta vanskelege ord ned til eit folkeleg nivå og formidle bodskapen på ein humoristisk måte og til ettertanke.

Diplom og 50 000 kroner

Fylkesordføraren overrekte diplom og ei pengegåve på 50 000 kroner til Årets Hordalending.

Linda Eide har ein lang karriere som forfattar og journalist i NRK. I mange år var ho i radioen, men dei siste åra er ho mest kjent for Norsk attraksjon, Smæsj og Eides språksjov. Ho har skrive boka «Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar» som og er blitt til teaterframsyninga «Oppdrag Mottro» på Hordaland teater.

Ekstraordinær

Med prisen Årets Hordalending ønskjer Hordaland fylkeskommune å løfte fram dei eller den som gjer ein ekstraordinær innsats for fylket. Dette skal vere ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland.

Det finst alt ei rekkje prisar for enkeltprestasjonar innan miljø, idrett, forsking og kultur, men denne prisen er ein sektor-overgripande pris som femnar alle område av samfunnet.

Prisen vart delt ut på nyttårsmøtet til fylkesordføraren der sentrale politikarar, næringslivsleiarar og leiarar frå organisasjonar møtast i starten av eitt nytt år for å setje dagsorden og felles ambisjonar for det nye året.

For femte gong

Årets Hordalending blir delt ut for femte gong. Desse har tidlegare fått prisen:

2017: Hilde Reikrås (etterforskingsleiar operasjon «Dark Room»)

2016: Robin Schaefer (politietterforskar som fekk gjenopna Monika-saka)

2015: Fargespill (for brubygging mellom ulike kulturar og norske tradisjonar)

2014: LO og NHO (for fremjing av fagopplæring og lærlingordninga)

Bilete_ Anne Gine Hestetun og Linda Eide. Fotograf_ Hordaland Fylkeskommune.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: