Nå det gamle Merkur – skiltet kom på plass inne på nye Iris Scene innan 25 – årsjubileet, er det på sett og vis ein slags milepel. – No – med eige hus og, er ringen slutta seier leiaren i Blueslaget lokst utøve, Stein Egil Legård, i samtale med programsekretær JK Flattun.

Slim Zahl
Slim Zahl

Sjølve jubileumsfeiringa med spenstig tale av ordførar Roald Aga Haug , Vetrhus Bluesband på komp for Frode Grytten sin nyskrivne helsing, samt ellevill konsert med Vetrhus seinare på fredagskvelden, presentasjon av lokal ungdom og Eric Slim Zahl laurdags føremiddag og sjølvaste Kåre Virud med band etterfylgd av Alvin og gjengen på kveldstid, er Legård svært nøgd med.  Og publikumsoppslutninga var god.

Vetrhus og Grytten
Vetrhus og Grytten

Daniel Kambestad, munnspelar i Vetrhus, leverte ei musikalsk gåve til Blueslagsleiar Legård laurdag kveld. Dette er ein tekst han og Vidar Fjæra (saman utgjer dei duoen Tom Cigar – med eige notestativ) har skrive til Kåre Virud sin låt Blind Lemon, i Tom Cigar si utgåve heiter den Stein Egil og Daniel framførte den med komp frå Kåre Virud Band. Dét er litt av ei gåve å gje og få!

Kåre Virud og Daniel
Kåre Virud og Daniel Kambestad

Blueslaget lokst utøve vart stifta  8.desember 1993 og arrangerte sin første konsert i februar 1994, på Merkur – med Vetrhus Bluesband på scenen.

Vetrhus BB
Vetrhus BB

– Blueslaget og Vetrhus har fylgd kvarandre i 25 år, dei har spelt på våre arrangement i alle desse 25 åra, stort sett alltid i Blueshelger og gjerne ein jobb og to utanom det og, fortel Legård.

At det gamle Merkurskiltet er intakt, er det Thor André Aase som har æra for. Det var firmaet hans, Hardanger Glass og Lås som hadde ombygginga der, og Aase fann skiltet verdt å ta vare på.

– Han spurde oss om me ville ha det, seier Legård, – og det ville me så klart.

Ei anna gåve var frå Sparebankeb Vest som overrekte 10:000 kroner til Blueslaget og Iris Scene fredags kveld. Også ordføraren i Odda, Roald Aga Haug hadde gåve på samme sum som banken. På grunn av kort varsel rakk han ikkje å få med seg ein av kjempesjekkane sine, men kom med gåva på laurdagen slik han hadde lova.

Gåve frå Sparebanken Vest
Gåve frå Sparebanken Vest
Kåre Virud
Kåre Virud
Aga Haug
Aga Haug

Vel blåst til Blueslaget lokst utøve sine mange arbeidsvillige hender.
Dette var stas.

Forsidebilete: Stein Egil Legård.
Fotograf alle bilete: Tone Mannsåker.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d