Det har vore ei spanande og ikkje minst utfordrande reise å vera ansvarleg redaktør i Radio Folgefonn. Underteikna vart tilsett i 2005 og overtok redaktøransvaret i 2009, no er tida moden for å sleppa taket. Frå 1.februar har eg inga formell tilknytning til lokalradioen,  men vil halda fram som bakvakt/frivillig medarbeidar og  – gjesteskribent innimellom.

I løpet av dei omlag 14 åra som har gått, har oppgåvene og opplevingane vore mange og varierte. Eg har fått driva Bingo med Terje Larsson, hatt Sommarradio med David Henricson, vikariert for JK Flattun i På Bølgelengde, turnert Hardanger og Voss med opptakar saman med Ivar Nistad, køyrt skyttarradio, hatt fleire år med direktesendinga Grannelaget, laga spesialprogram om alt frå industri til kyrkjehistorie, drive radioen si nettside og pirka med mykje av det usynlege som må gjerast bak kulissane.
Kort sagt mange gode år saman med gode kollegaer.

Å driva lokalradio er kjekt og me som brenn for Radio Folgefonn prøver på fleire vis å nå ut til den eller dei som har lyst til å prøva seg på ordentleg. Frå 1.februar består staben av programsekretær JK Flattun, praktikant Kristian Måkestad Graue og dagleg leiar Knut O. Dale og kan, som sagt, gjerne utvidast med nye eldsjeler, så eg kryssar fingrane for det. Under har skjedd før!

Så takk for meg då folkens, det har vore gildt.

(Og som nemd, så kan det henda at eg lurer inn nokre ord og setningar på nettsida i ny og ne når abstinensen vert for tung.)

Bilete: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese