Lørdag kveld opna Iris Scene dørene for eit arrangement som kjem til å ha ein spesiell plass i hjarta til alle som arbeider i og for lokalradioen – for all framtid. Arrangementet hadde det klingande namnet Støttekonsert for Radio Folgefonn og hadde ei aldeles utruleg liste med lokale musikarar og songarar på plakaten. Og for ein kveld det vart!
Konserten kom i stand etter initiativ frå Elin Myran, primus motor bak dei Musikalske rørene. Dagleg leiar på Iris Scene, Bodil Skjerven, lånte raust ut lokalet til føremålet og leiaren i Blueslaget Stein Egil Legård tok på seg konferansierjobben og lånte ut riggekompetansen til sine «edsvorne menn».  Martin Torekoven var lydmann – noko som var ein stor jobb denne kvelden.

At så mange lokale musikarar og songarar ynskte å opptre gratis til støtte for lokalradioen, er ei gåve i seg sjølv, og det var Odda Trekkspillklubb som starta konserten med sju manns stor trekkspelrekka og komp ved Otto Hjørnevik og Leif Kjellesvik. Dét var truleg første gong «Blue Spanish Eyes» vibrerte mellom veggane på nye iris Scene. Det var herlig.

Sidan gjekk det slag i slag i vel tre timar med det eine fine innslaget etter det andre, med Legård som stødig los gjennom det tettpakka programmet.

– Eg er stolt over at Odda har så mange flinke folk, sa Legård frå scenen, og det er ei utsegn ein trygt kan støtta heilhjarta etter å ha høyrt Støttekonserten for Radio Folgefonn:  Rausare, finare folk skal ein leita lenge etter!

Alle medvirkande gjorde ein fantastisk innsats og alle fortener eit dryss av godord. Når det gjeld særlege forhold, kan det nemnast at Siri Elton song ein heilt ny sjølskriven song for første gong under støttekonserten. Det var og første gong ho song sitt eigenkomponerte materiale i Odda.

Kråkene song og eigenkomponerte låtar og rørte seg etter eige utsagn litt utafor dei spora dei vanlegvis trør i.

Det var og debutar under støttekonserten. Bandet Stain beståande av unggutane Leander Myran og Martin Torvund klinka til med skikkeleg svart metall og fekk – med hjelp av Krister Andersson på trommer, slått ettertrykkeleg fast, at no er dei med i Odda sitt mangfaldige musikkliv.
Linn Bjørklund debuterte og på scenen og avslørte ei nydeleg sangstemme då ho framførte låten Foolish Games.

Arrangørane viste ein utruleg kreativitet med omsyn til innsamling av midler. Billettinntekter sjølvsagt, men der var loddsalg, tipsbøtte og skjønne, unge damer og herrer med nisselue som gikk rundt og vifta med plakatar påtrykt vipsnummer.

Radio Folgefonn gjorde opptak av heile konserten og vil senda den på på FM – bandet og på nett om ikkje så lenge, og då vil ein få høyra dei som var med og kva dei leverte som musikalsk gåve.
Som Legård pleier å seia det: Dette var ei magisk oppleving.

Bileta  under går frå venstre til høgre

1. Odda Trekkspillklubb med komp
2. Torvald Kambestad og Maja Alfredson
3. Håkon Widding, Silje Karlsen og Stine Skjeldås
4. Tommy Tverdal
5. Daniel Kambestad og Vidar Fjæra (Tom Cigar) med Legård
6. «Vipsehjelpen»
7. Kråkene
8. Lars Karlsen og Siri Elton
9. Gunn Gravdal Elton og Magnhild Salvesen
10. Linn Bjørklund og Harald Molven
11. Sussi Bodin og Leif Kjellesvik
12. «Vipsehjelepen forsterka med Helge Patterson
13. Tørst forsterka med Margot Helene Backer – Owe på fiolin
14. Rikard Backer – Owe
15. Elin Myran
17. Stain – Leander Myran og Martin Torvund, med Krister Andersson på trommer
18. Lazy med Geir Aksnes på tangentar
19. Lazy med Daniel Kambestad på munnspel
20. Leander med lydmann Martin Torekoven
21. Øyvind Paulsen
22. Lars Karlsen og Synne Meland
23. Øyvind Mannsåker med «kollektspannet»
24. Internasjonalt kor med Margot Helene som dirigent
25. Cathrine Gundersen Sjåstad og Morgan Vikne
26. Elin Myran og Stein Egil Legård
27. Broke Blues Band

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.