Går finansieringa etter planen, opnar Vinje-senteret for dikting og journalistikk basisutstillinga si i 2021. Harald Stanghelle, Ingrid Sponheim, Kristian Lødemel Sandberg og Sigrun Høgetveit Berg har takka ja til å sitta i gruppa som planlegg ny utstilling ifylgje ei pressemelding frå Vinje – senteret.

– Vi gler oss til å finne interessante emne, gode forteljingar og finne ut korleis vi kan skape gode opplevingar for gjestene i utstillinga, fortel dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret, som kjem til å leie arbeidet i gruppa.

Harald Stanghelle er tidlegare redaktør i Aftenposten og fram til nyleg leiar i Norsk redaktørforening. Ingrid Sponheim frå Ulvik er lektor i norsk på Voss vidaregåande skule, Kristian Lødemel Sandberg er Fløgstad- og Vinje-forskar ved Høgskolen i Innlandet og historikar Sigrun Høgetveit Berg er førsteamanuensis i historie ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Utstillingsgruppa skal legga planane for basisutstillinga for dikting og journalistikk. – Denne utstillinga vil vera kjernen i tilbodet vi gir gjestane våre, og i korleis vi formidlar dikting og journalistikk, seier Rantala. Gruppa skal diskutera aktuelle og historiske problemstillingar for dikting og journalistikk, som utstillinga skal formidla. Eit viktig oppdrag er også å sjå på korleis forfattarskapa til Aasmund Olavsson Vinje, Haldis Moren Vesaas, Tarjei Vesaas, Aslaug Vaa kan bli formidla til nye grupper.

Utstillingsgruppa skaper eit solid grunnlag for utviklinga av basisutstilling og andre formidlingstilbod ved Vinje-senteret og sikrar kontinuitet og nært samarbeid med tilsette. Utstillingsgruppa kan dra vekslar på røynslene med fornyinga av basisutstillinga i Aasen-tunet 2013–2014, den nye basisutstillinga i Hauge-senteret 2014, og dei 31 temautstillingane som er laga i Aasen-tunet i perioden 2000–2015.

Bilete: Kristian Rantala. Fotgraf Kari Bø

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese