Meny Lukk

Lars Saabye Christensen opnar den 46. Vossa Jazz – festivalen

Saabye Christensen debuterte i 1976 med diktsamlinga Historien om Gly og mottok for denne Tarjei Vesaas debutantpris. Han har skrive ei rekkje dikt og skodespel og fleire filmmanuskript, men har først og fremst utmerka seg som novellist og romanforfattar, skriv Vozza Jazz i ei pressemelding.

Gjennombrotet kom med romanen Beatles i 1984 som gav han Cappelenprisen og heider utover Noregs grenser. Andre kjende bøker er Herman og Halvbroren. Han har mellom anna fått Brageprisen og Nordisk råds litteraturpris. Halvbroren er selt i over 200 000 eksemplar og til 22 land. I 2006 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og i 2008 til ridder av den franske Ordenen for kunst og litteratur.

Til Vossa Jazz kjem Christensen med  nyskriven tekst som vert framført ui Vossasalen op Park.

Seinare samme kvelden kan du møta Saabye Christensen med Buicken i biblioteket i Voss Kulturhus. Det er eit musikalsk samarbeid Christensen har med Tom Stalsberg. Kven andre siom medvirkar, kan du lesa om  i dagens luke i Vossa Jazz sin jukekalender.

Bilete: Lars Saabye Christensen

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: