Meny Lukk

Frivillige organisasjonar mottar 1,4 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga i desember

I desse dagar mottar fleir enn 24.000 organisasjonar meir enn 1,4 milliardar kroner frå momskompensasjonsordninga. Nærare 600 fleire organisasjonar får del i ordninga i år enn i fjor. Det store talet på mottakarar viser at ordninga når heilebreidda av frivillige organisasjonar skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

Momskompensasjonsordninga er viktig for dei frivillige organisasjonane slik at dei kan ha fokus på den frivillige aktiviteten. I praksis funger ordninga som ei grunnstøtte for organisasjonanene, ettersom dei kan bruka midla fritt og ikkje må rapportera på bruken. – Vi har difor foreslått ein vesentleg auke i ordninga i budsjettet for 2019, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Over 80 prosent av midla går til lokale og regionale lag og foreiningar. Frå og med 2019 er berekningsmodellen for ordninga justert for at ho i endå større grad skal støtta opp om små lag og foreiningar.

Det godkjente søknadsbeløpet i år er på om lag 1,9 milliardar kroner mot 1,8 milliardar i fjor.  Avkortinga i 2018 er redusert til 25,5 prosent mot 27,2 prosent i 2017.

Pressebilete: Trine Skei Grande.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: