Formidlingsleiar Tina Kjærland ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund fortel at ein ligg an til å passera 20.000 besøkande i sommar. – Og det er me strålande nøgde med, seier ho i samtale med programsekretær JK Flattun. Høyr intervjuet her.
Når ein løyser billett på Fartøyvernsenteret, ligg det i pakken at ein og kan låna robåt og ta seg ein tur på fjorden. – Me har også både Faun og Mathilde her i sommar, så det er mogeleg å koma seg på lengre turar og om ein vil, fortel Kjærland.
Hardanger Fartøyvernsenter har fire filmar/biletspel å visa fram, også på nett. Dei har og fleire korte videosnuttar som dei viser først og fremst på Facebook, og desse har hatt eit eventyrleg besøk. – 25 millionar har vore innom sidan i fjor sommar, fortel Kjærland
.