Meny Lukk

Tysnes Sparebank med solid halvårsresultat

Tysnes Sparebank leverer eit første halvårsresultat på heile 15,8 millionar kroner på drifta. Samla utlån i banken har no
passert 3 milliardar kroner. Dét er om lag ei tredobling av forretningskapitalen i løpet av dei siste 3 åra.
Dette fortel banksjef Dag Sandstå i ei pressemelding.

Stor pågang av nye kundar

Banken har i tillegg til hovudkontoret på Tysnes etablert kontor på Stord, Husnes, Rosendal, Odda og på Lagunen i
Bergen. Etablering av nye kontor har vore ein stor suksess for banken. Svært mange kundar i distriktet ynskjer ein lokal
og nær bank der du møter personar som kjenner dei lokale tilhøva.
– Banken har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Nye kontoretableringar har vore avgjerande for den utviklinga me har
hatt,  seier banksjef Dag Sandstå.

TNS Kantar kundeundersøkjing syner at Tysnes Sparebank har dei mest nøgde kundane
I løpet av våren gjorde TNS Kantar ei kundeundersøkjing blant personkundane i regionen Sunnhordland og Hardanger.
Resultatet av denne undersøkjinga syner at personkundane i Tysnes Sparebank er dei mest nøgde samanlikna med
andre filial-bankar lokalt.
– Mi er svært nøgde med ei så god tilbakemelding frå kundane våre, seier Sandstå.

Det går betre i regionen
– Det er gledeleg at verksemdene i regionen vinn nye kontraktar og gjer det betre enn på lenge. Me ser auka aktivitet både i
Hardanger og Sunnhordland. Arbeidsløysa har gått ned, noko som også er med på å uka hushaldningane sin
etterspurnad etter banktenester. Banken har ein solid marknadsposisjon og har som mål å ta nye marknadsandeler i åra
som kjem, seier banksjef Dag Sandstå.

 

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: