Meny Lukk

Aktiv sommar på Kabuso

Tusenårsstaden Kabuso i Øystese byr normalt på utstillingar og konsertar av ymse slag. I sommar inviterer dei og til smykkeverkstad der liten og stor kan laga eigne smykke. Høyr fagleg leiar Sissel Lillebostad fortelja om dette og om andre aktivitetar utover hausten.

Det er nederlandske Felieke van der Leest som har utstilling i Kabuso i sommar.  Ho lagar smykke satt saman av edelmetall, tråd, plastdyr og tekstile teknikkar og i verkstaden kan publikum lata seg inspirera av hennar verk gjennom 20 år. Varer til 26.august.

Lillebostad fortel og at Kabuso får besøk av eit pønkeband i haust. Høyr heile intervjuet nedanfor.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: