Bekymrar seg for råstofftilgangen

Alunorte er verdas støste aluminaraffineri. Når Hydro no signaliserer at dei stenger av produksjonen, vil dette ha stor påverknad på heile marknaden trur Ørjan Norman, hovudtillittsvald ved Hydro Husnes. Intervjuet kan høyra på lenka under, dersom du vil lytta heller enn å lesa. I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at Hydro Husnes har […]

Haustregnet gir lågare straumprisar

Medan fyllingsgraden i vasskraftmagasina går opp, er straumprisen på veg ned. Prisen har falle kraftig dei siste vekene skriv Nationen. Dei siste vekene har det regna fleire terawattimar (TWh) ned i vasskraftmagasina våre, som gir drivstoff til Noregs 1.600 vasskraftverk. Fyllingsgraden auka med 4 prosentpoeng til nærare 70 prosent, medan normalen for årstida ligg rundt […]

Inga endring i salet med nøytral innpakning

Då helsemyndigheitene i sommar innførte krav til at pakningane med sigarettar, tobakk og snus skulle ha samme grønbrune farge, var målet at salet skulle gå ned. Kjøparane skulle rett og slett mista lysta på produkta, det var Helsedirektoratet si von. Landets taxfree-butikkar var ikkje noko unntak. Her og vart alle kartongar med sine opphavelege fargar […]

Kraftkrevjande industri svært viktig for Noreg

I ettermidddag (21.august) er næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på besøk i hjå Boliden og Tizir i Odda. Programsekretær JK Flattun intervjua ministeren i føremiddag. Høyr intervjuet her Ministeren seier mellom anna at noko av føremålet med dette besøket, er å visa at norsk industri har framtida føre seg. – Det er ikkje slik som somme […]