Meny Lukk

Bekymrar seg for råstofftilgangen

Alunorte er verdas støste aluminaraffineri. Når Hydro no signaliserer at dei stenger av produksjonen, vil dette ha stor påverknad på heile marknaden trur Ørjan Norman, hovudtillittsvald ved Hydro Husnes.

Intervjuet kan høyra på lenka under, dersom du vil lytta heller enn å lesa.

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at Hydro Husnes har gått for halv maskin sidan mars i år. – Hydro har måtta henta alumina frå andre leverandørar, noko me og har benytta oss av. No vert råstoffet vanskelegare å få tak i, og ikkje minst så vil prisane auka.

Fylgjene for Hydro Husnes på kort sikt, er at folk bekymrar seg for råstofftilgangen. – Me har gått ut med informasjon og det vert arbeidd hardt i Hydro for å skaffa nok råstoff til alle verka, men på inntjeninga vil me merka det godt på grunn av den store prisauken på alumina, seier Norman.

– Me hadde jo trua på at det ville halda fram i Brasil med halv produksjon, men me har likevel trua på at dette skal me klara å skaffa, og løpet av nokre månader vil me trenga meir oksid, som me kallar det.

Norman seier at for Hydro Husnes gjeld det å halda fram med det dei er best på: Produsera rein og god aluminium på ein sikker måte.  – Dét må vera vårt fokus, men me er svært bekymra for situasjonen i Brasil og det vert arbeidd knallhardt frå Hydro si side for få ei løysing i Brasil, med kontakt både med leiinga og fagforeininga og opp mot myndigheitene.

Den største bekymringa Norman har i denne situasjonen, er likevel dei 4000 kollegaenei Brasil. – Det ser ut som om dei vert direkte råka av dette, for i denne regionen i Brasil, har me ikkje berre aluminaraffineri, me har og gruveverksemda som leverer råstoff til raffineriet og ein stor aluminiumsfabrikk som ligg vegg i vegg med raffineriet. Og slik det ser ut no, vil alle verta stengde i løpet av kort tid.

Norman forklarer at  årsaka til utviklinga i Brasil, er at det i februar kom eit såkalla 100 – årsregn som førte til mindre lekkasjar frå raffineriet. – Ikkje frå deponiet, men andre lekkasjar, og på bakgrunn av dette fekk Hydro pålegg om å stenga halve fabrikken til aluminaraffineriet.

I etterkant av dette har Hydro ifylgje Norman brukt to milliardar på å bygga eit nytt deponi med nye filter for å pressa meir vatn ut av slaggstoffet. – Dette deponiet som er moderne og det beste som fins meiner me, har me ikkje fått godkjenning på og når det deponiet me har, no viser seg å vera fullt, har me ingen annan mogelegheit enn å stenga ned fordi me ikkje får lagra slagget forsvarleg.

– Eg vonar at denne saka kan enda godt, at ein får benytta det nye deponiet som me meiner bør verta godkjent, seier Ørjan Norman.

Bilete: Hydro Husnes. Kjelde: Wikipedia

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: