Då helsemyndigheitene i sommar innførte krav til at pakningane med sigarettar, tobakk og snus skulle ha samme grønbrune farge, var målet at salet skulle gå ned. Kjøparane skulle rett og slett mista lysta på produkta, det var Helsedirektoratet si von.
Landets taxfree-butikkar var ikkje noko unntak. Her og vart alle kartongar med sine opphavelege fargar og logoer derfor fjerna frå 1. juli, etter krav frå myndigheitene. Dette skriv flysmart24.no på nettsidene sine.
Spesielt var målet å få ned snusforbruket, som har vokst dramatisk spesielt blant unge menneske dei seinare åra.
Kva har då skjedd med salet av røyk og snus etter 1. juli, snart tre månader etter at forbodet mot farga forpakningar vart innført?
– Ingenting, seier kommunikasjonssjef Haakon Dagestad i Travel Retail Norway. Selskapet driver taxfree-utsala på dei fleste av landets flyplassar.
På flyplass-butikkane har dei ikkje merka nokon nedgang, slik myndigheitene vona. – Salet har halde stødig fram, dei nye pakkane ser ikkje ut til å ha hatt nokon innverknad på omsetninga, seier Dagestad.
For publikum har dei nye forpakningane, der det kun står produktnamn og ikkje fabrikat eller merkenavn, imidlertid skapt plunder og heft:
– Mange kundar måtte bruka lengre tid på å finna fram til riktig vare etter at fargane forsvann, og me har derfor hatt ekstra bemanning for å hjelpa med å finna fram til riktig produkt, fortel Dagestad.
Det er Helsedirektoratet som har iverksett dei nye reglane om nøytrale pakkar, og der tek ein opplysninga om normalt sal med ro så langt:
– Hovudføremålet med standardiserte pakningar, er å hindra rekruttering av unge, og det er nok altfor tidleg å sjå resultat enno, skriv avdelingsdirektør Jakob Linhave i avdeling for miljø- og helse i Helsedirektoratet.
Professor i marknadsføring ved Norges Handelshøyskole, Tor W. Andreassen, er ikkje så sikker på at dei nye fargeforskriftene vil ha så stor effekt:
– Me veit at merke kan virka når ein skal tiltrekka seg nye kundar, men ikkje har noko effekt for etablerte brukarar spesielt innan tobakk- og snuskategorien. At omsetninga ikkje veks, kan vera godt nytt på lang sikt. På kort sikt har det liten eller ingen effekt. Det me står igjen med, er aukte «leitekostnader» for kundar og tilsette – noko som skaper frustrasjon for begge partar, seier Andreassen til flysmart24.no.
Dei nye reglane har berre eitt unntak:
For tobakksprodukt som hovudsakleg vert nytta av eldre og små forbrukargrupper, slik som sigarar, sigarillos og pipetobakk, gjeld det ikkje krav om standardisering.
Myndigheitene vil vurdera dette unntaket på nytt dersom brukarprofilen skulle endra seg i framtida, heiter det i bestemminga frå direktoratet.