Meny Lukk

Haustregnet gir lågare straumprisar

Medan fyllingsgraden i vasskraftmagasina går opp, er straumprisen på veg ned. Prisen har falle kraftig dei siste vekene skriv Nationen.
Dei siste vekene har det regna fleire terawattimar (TWh) ned i vasskraftmagasina våre, som gir drivstoff til Noregs 1.600 vasskraftverk. Fyllingsgraden auka med 4 prosentpoeng til nærare 70 prosent, medan normalen for årstida ligg rundt 85 prosent, viser tal frå NVE.

– Dette hjelper godt på kraftproduksjonen i Noreg, som består av 96 prosent vasskraft. Dei store nedbørsmengdene påvirkar også straumprisane, som er redusert med rundt 40 prosent dei siste to vekene, seier rådgjevar Lars Ragnar Solberg i Energi Norge.

Tal frå straumbørsen Nord Pool viser at innkjøpsprisen på straum er redusert frå nærare 60 øre per kilowattime den andre veka i september, til 35,5 øre i dag.

Berekna tilsig til magasina for veke 37 var heile 5,8 TWh – over det dobbelte av normalen. Også for veke 38 var det venta mykje nedbør, med et tilsig på 4,1 TWh, noko som er 50 prosent over normalen.

Magasinfyllinga er høgast på Austlandet, medan den er lågast i Nord-Noreg.

NTB

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: