Styret i selskapet Fjordvegen Rute 13 var denne veka på Stortinget i møte med stortingsrepresentantane frå Hordaland og Rogaland. Tema i møtet var prosessen fram mot ny NTP for perioden 2022 – 2033 og prioriteringane inn mot denne, fortel Hanne Sundbø i Fjordvegen Rute 13 i ei pressemelding.

I møtet presenterte styret prioriterte parsellar langs Rv 13 som fortsatt står på vent for midlar til naudsynt utbetring og oppgradering. Dei 16 Stortingsrepresentantane som møtte fekk orientering om rasutsette parti som t.d. Odda – Tyssedal, Rødsliane og Lovra – Lovraeidet der det kvart år kjem ras og gjer vegen utrygg for både skuleborn, næringstrafikk og andre som dagleg ferdast på desse strekningane.

Rv 13, som er den indre stamveg frå Sandnes i Rogaland til Førde i Sogn og Fjordane er den viktigaste livsnerva for transport nord-sør for kommunane i indre delar av 3 fylke. Likevel er Rv 13 over Vikafjellet definert som døgnopen heilårsveg, men krevjande å halda vinteropen, og blir altfor ofte stengt grunna dårleg ver, snøras eller fare for ras. Trafikken er og hindra av stadig stengte vegstrekk pga ras i Hardanger, Brattlandsdalen og Ryfylke samt trafikkork pga smal veg og stor turisttrafikk langs mange parti av vegen.

I ordskiftet etter presentasjonen tok fleire av Stortingsrepresentantane til orde for at det vert krevande å finna midlar til å prioritera tiltaka langs Rv13 inn i ny NTP, men at hensynet til å sikra liv og helse må vega svært tungt i argumentasjonen for å prioritera midlar til tiltak langs Rv13. For fleire av tiltaka er det ferdige planar frå Statens vegvesen og ferdig reguleringsplanar frå kommunane. Dei nemnte elles at det Fjordveg-samarbeidet på tvers av parti- og fylkesgrenser er oppsiktsvekkande.

Styret i Fjordvegen vil følga opp møtet på Stortinget med vidare arbeid mot dei tre fylkestinga for å gjera betre kjent kva samfunnsmessige konsekvensar den dårlege standarden på vegen fører til. Styret krev vidare at både konkrete kostnader i samband med stengt veg etter ras og ikkje prissette konsekvensar pga utryggheit og «føre-var»-tiltak må utgreiast nærare i grunnlagsdokumenta for ny NTP.

Styret tek sikte på å møta fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane tidleg i høyringsperioden i denne NTP-prosessen. God informasjon om kor alvorleg stoda er mht rastryggleik, framkome og opning av nye veganlegg (Ryfast hausten 2019) som vil auka trafikken, vil verta vesentleg for at Rv 13 skal nå opp mellom prioriterte investeringstiltak i NTP 2022 – 2033.

Bilete: Representantane Hansen, Rommetveit og Grung. Fotograf Hanne Sundbø

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d