Meny Lukk

Frivillige skal få fleirårig støtte

Vårt Land fortalde onsdag at frivillige organisasjonar skal slippa å søka offentleg støtte år etter år. Det lovar kulturminister Trine Skei Grande (V).

Fredag passerer Solberg-regjeringa si Frivilligheitsmelding Kongen i statsråd, men onsdag presenterte kulturministeren somme av hovudtrekka i meldinga. Dette fordi 5. desember er Frivilligheita sin dag i Noreg.

Om nordmenn si frivilliginnsats seier Trine Skei Grande at den «er ein del av grunnfjellet» i Noreg. Derfor ønsker ho å gjera kvardagen lettare for dei mange organisasjonane som organiserer frivilligheita.

Lengre støtteperiodar

I dag kan frivillig sektor søka støtte frå over 50 tilskotsordningar. Til saman deler staten ut vel 9 milliardar kroner – og frivilligorganisasjonane må senda inn søknad om støtte kvart år.

– Dette gjer at stabiliteten i prosjekta blir lav, derfor vil vi gjennomføra eit pilotprosjekt der frivillig sektor kan få avtalar som strekk seg over fleire år, forklarer Grande.

– Hvor lange perioder kan det bli snakk om, spørVårt Land

– Konkret ser vi på tre eller fem år.

Grande trekk parallellar til bistandsprosjekt som får statleg støtte for lengre perioder for å sikrea både kvalitet og stabilitet.

Eitt register

Fordi staten har ei lang rekke tilskotssordningar, er Grande svært oppteken av forenkling. I frivilligheitsmeldinga ivrar statsråden derfor for ein samordna frivilligheitspolitikk. Eitt viktig verktøy er Frivilligheitsregisteret.

– Det må bli slik at frivillige organisasjoner registrerer seg éin gong i registeret, så kan ulike statlege tilskotsutdelarar finna informasjonen dei treng. På denne måten slipp organisasjonane å senda inn opplysningar kvar gong dei søker støtte, seier Grande.

Ledige lokale

Passande lokale er for fleire frivillige organisasjonar er mangelvare. Dette ønsker Grande å bøta på. I meldinga peikar ho på dei mange, statlege bygga rundt om i landet. Kulturministeren lover å kartlegga korleis desse kan brukast av frivilligheita.

– Til dømes kan museers venelag få bruka lokale i sjølve museet, utdjupar Grande, og lover ei betre oversikt over tenlege lokale.

Fattige barn

I 2016 signerte staten og ei lang rekke frivillige aktørar Fritidserklæringen som skal bidra til at barn og unge i lavinntekstfamiliar får vera med på minst éi fritidsaktivitet.

Vel to år seinare seier Grande at regjeringa har fulgt opp erklæringa med å auka den nasjonale tilskotsordninga for inkludering av barn i lavinntektsfamiliar, men at tilbodet om fritidsaktivitetar ikkje har nådd breidt nok ut i målgruppa.

– Så her har vi ein jobb å gjera seier ho til Vårt Land.

Bilete: Tribne Skei Grande. Fotograf: Mona Lindseth

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: