Fredag 14. juni 2019 spelar Mari Boine i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela. – Dette blir stort! seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding.

Boine har med utgangspunkt i joik og samisk musikk skapt eit personleg uttrykk med element frå rock, jazz og musikk frå andre kulturar

– Mari Boine er ein stor internasjonal artist, og ein stolt formidlar av språket og kulturen sin. Boine er kjend for å levere fantastiske og stemningsfulle konsertar, med musikarar av aller høgste kvalitet. Vi er svært stolte av å ha Boine på festspelprogrammet, seier Opsvik.

Mari Boine har eit sterkt engasjement for den samiske kulturen og har vore kritisk til kyrkja, fornorskingspolitikken, og det norske samfunnets overgrep mot samane. Dette har i stor grad vore med på å prega både musikken og tekstane hennar.

– Eg har levd med og i denne musikken i over tre tiår, og for meg er det meir ein medisin. Den har endra meg frå eit skjelvande lauv, til ein modig artist, sa Boine i takketalen då ho fekk Spellemannprisens heiderspris tidlegare i år. Boine vart utnemnt til Riddar av første klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden i 2009 og vart innlemma i Rockheim Hall of Fame i 2015.

Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og Forteljingar som tema. Festspelpass og billettar til Mari Boine er lagde ut for sal.

Bilete: Mari Boine. Fotograf: Gregor Hohenberg

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese