Meny Lukk

Hedvig Mollestad lagar Tingingsverket til Vossa Jazz 2019

– Det er med stor glede me kan avsløra at det er Hedvig Mollestad Thomassen som har fått oppdraget å skriva det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz, fortel Vossa Jazzi ei pressemelding.

Gitarvirtuosen frå Ålesund er kjend for tunge riff, ville løp og intelligente komposisjonar i skjæringspunktet mellom jazz, rock og samtidsmusikk. Med bandet Hedvig Mollestad Trio har ho spreidd halsbrekkande jazzrock frå eit utal scenekantar i Noreg og internasjonalt, og i desse dagar slepp bandet sitt sjette album på sju år på plateselskapet Rune Grammofon: «Smells Funny». I tillegg har ho spelt med artistar som Jarle Bernhoft og Hilde Marie Kjersem og har samarbeid med mellom andre Jon Eberson Group og Trondheim Jazzorkester på cv’en.

Tingingsverket til Vossa Jazz er den høgst hengande bestillinga ein norsk jazzmusikar kan få, og Hedvig Mollestad Thomassen har absolutt gjort seg fortent til oppgåva. 

 – Mollestad er ein av våre mest spanande gitaristar, og ho har spelt i mange ulike konstellasjonar, særskilt innan jazzrock-sjangeren. Hovudprosjektet har vore hennar eigen trio, men dei seinare åra har ho jobba meir med kompositorisk arbeid. Me ynskjer å høyra meir av komponisten Mollestad.Ho er ein røynd bandleiar og handterer både gitar og vokal på ein framifrå måte. No har ho sett saman eit nytt ensemble der ho vil fokusera på gitar, men òg ta inn nye element med tanke på besetning og lydbilete. Det er duka for eit verk som rommar både vare stemningar og fullt kok; med ein slik komponist og gitarvirtuos i front er det berre å gleda seg til Palmehelga på Voss,seier Trude Storheim, dagleg leiar i Vossa Jazz. 

Neste års Tingingsverk-komponist kan røpa at ho vil skriva både akustisk og elektrisk i dette verket. Ho vil få fram opne stemningar, men òg bevega seg mot meir kokande, fresande parti. Mollestad Thomassen vil utfordra seg sjølv som komponist og bandleiar gjennom å søkje nye retningar og ta tak i dei «farlege» ideane – utfordra musikalske grenser. Komponisten har satt seman eit ensemble av utøvarar frå øvste hylle som alle vil tilføre noko viktig til musikken. Det er med andre ord berre å gleda seg til urframføringa i Vossasalen laurdag 13. april 2019. 

Hedvig Mollestad Thomassen seier følgande til Vossa Jazz: 

Å få laga Tingingsverk til Vossa Jazz er ein stor tillitserklæring, og ei fantastisk kjensle. Oppgåva har utløyst ei fandenivaldsk blanding av glede og gru i meg, som igjen har ført til eit ras av musikalske idear. Eg tek med meg desse kjenslene inn i musikken, som eg håper skal bli feit, groovy, rar, ultrafin, sprø og ikkje minst vere ei medrivande og engasjerande oppleving for publikum. Om det går an å kombinera presisjon og fokus med smil og lause og lave skuldre, så går eg for det! 

 – Eg vil laga musikk med ein breiare palett enn vanleg, og har difor valt eit svært utstrakt triouttrykk: ingen bassgitar, men med ein utvida tromme- og perkusjonssituasjon, doble keys og ein blås. For meg opnar dette for å gå opp nye vegar. Tanken om besetninga kom samtidig med ideen til musikken, og musikarane er ei god blanding av folk eg har jobba med tidlegare, som Marte, Jon og Torstein, og nokon eg aldri har spelt med før, som Susana og Ole. Tanken på å skulle gjera dette verket saman med dei, er ein gigantisk dose inspirasjon i seg sjølv. 

 Besetning:
Hedvig Mollestad Thomassen – gitar
Susana Santos Silva – trompet
Marte Eberson – tangentar
Jon Balke – tangentar
Ole Mofjell – perkusjon 

Torstein Lofthus – trommer

Bilete: Hedvig Mollestad Thomassen. Fotograf: Julia Marie Nagelstad

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: