Mandag 03. desember snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med dagleg leiar Trude Storheim i Vossa Jazz. Ho fortel om Tingingsverket 2019.
Frelsesarmeeen i Odda får besøk av Tove Sæle på torsdagstreffet denne veka. Sæle har tidlegare arbeidd for Frelsesarmeen i Odda den gongen armeen dreiv Brakkeriggen på Almerket. Merry Knudsen er på tråden i dag for å fortelja om treffet.
Me får og høyra i reprise av intervju med direktør Randi Bårtvedt ved Hardanger og Voss museum.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på DM – bandet og på nettradio.