Meny Lukk

Endeleg nytt liv i den gamle kjempen – etter15 år

Planen for det nye kollektivknutepunktet på Smelteverkstomta i Odda, er å bruka 250 kvadratmeter av 1.etasje i omn tre til venterom, turistinformasjon og andre fascilitetar, dette i samarbeid mellom kommunen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Skyss og Vegvesenet.

Ordføraren i Odda, Roald Aga Haug, fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at Fase 1 i arbeidet for ny vegløysing, som no skal startast opp, dreier seg om vegen inn mot tomta.  – Dette har oddingane venta på i 15 år, og  no først vil Røynstrand ta fatt på infrastrukturen, vatn og avløp og anna som skal ligga i grunnen.

Heile intervjuet kan du høyra nederst i saka.

Fase 2 i byggearbeidet dreier seg om riksvegen. – Der er det oppstart i 2019, fortel Aga Haug. – Og allereie på forsommaren skal Coop kunna byrja å setta opp det nye bygget sitt, deretter Rema.

Det nye venterommet skal ha glasfasade mot bussoppstillingsplassen og Coop. – Det vert heilt nydeleg, seier ordføraren. – Me får faktisk tilgang til 250 kvadratmeter som me ellers ikkje ville hatt og så får me eit flott vrimleareal mellom busshaldeplassane og dette venterommet/kollektivknutepunktet.

Med dette får Smelteverkstomta eit veldig løft som ordføraren trur dei fleste vil synast er positivt. – Den går frå å vera ei tomt som ligg brakk, til å verta eit flott område i Odda, med mykje aktivitet.

Aga Haug seier at samla sett, med alt det som er planlagt på tomta, vert Smelteverksområdet no utvikla i heile sin lengde. – Kollektivknutepunktet heng godt saman med Lindeplassen, Gågata, Almerket og hotellplanane der og med leiligheitene som er planlagt nede ved sjøen.

Det er og ei tomt på området som SNU eig, som er regulert til ungdomsbustader.

Bilete: Omn tre. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: