Elbil og andre nullutsleppsbilar skal betala halv pris av bompengane i alle bompengeprosjekt og bompengepakkar i Hordaland. Utval for miljø og samferdsel går samrøystes inn for dette ifylgje Hordaland Fylke sine nettsider.
Det er 10 bompengeprosjekt med innkrevjing på land og tre på ferjer i Hordaland. Den kraftige auken i tal elbilar har redusert bompengeinntektene. Fylkesrådmannen meiner det er naturleg at og nullutsleppskøyretøy skal vera med i spleiselaget og betala bompengar.
Elbilar bidreg til køar og redusert framkome og ureinar like mykje som fossilbilar med slitasje på vegbana og utslepp av mikroplast frå dekk, og så vidare.
Stimulans
Fritak for nullutsleppskøyretøy vart i si tid primært innført som eit verkemiddel for å stimulera til innføring av ny teknologi og for å redusera klimagassutsleppa. Det vert framleis stimulans til nullutsleppskøyretøy gjennom fritak for moms ved kjøp, redusert pris ved bompasseringar og framleis høve dei fleste stader til å køyra i kollektivfelt.
Tal elbilar som køyrer gjennom bomringane i Hordaland varierer. På E134 Åkrafjorden er det under to prosent, medan Halsnøysambandet har flest med 30 prosent. Askøy ha nest flest med 25 prosent elbilar. I bomringen i Bergen køyrer det 16,6 prosent elbilar. Her vert det innført bompengar for nullutsleppskøyretøy når grensa på 20 prosent er nådd. Det vil venteleg skje til våren.
Avtale i Bergen
I Bergen er det alt vedteke, i avtale om Miljøløftet, at bompengane skal vere om lag halv pris av bensinbil med autopassavtale, 20 kroner i rushtida og 10 kroner utanom.
Bompengar for elbil vil i tillegg til Bergen omfatta: Askøy, Hardangerbrua, Voss, Kvam, Halsnøy, Jondalstunnelen, Åkrafjorden, Bømlo og Haugalandet.
Fire ferjesamband vil få bompengar for elbil: Dei to i Austevoll, Langevåg – Buavåg, og Årsnes – Gjermundshamn.
Fylkesutvalet skal ta endeleg stilling til bompengar for elbil torsdag 25. oktober.
Bilete: Hardangerbrua. Fotograf: Tone Mannsåker
Prosent elbilar i bompengeprosjekta i Hordaland
Askøy | 25 % |
Bergen | 16,6 % |
Hardangerbrua | 5,4 % |
Voss | 4,1 % |
Kvam | 5 % |
Halsnøy | 30 % |
Jondalstunnelen | 5 % |
E134 Åkrafjorden | 1,8 % |
Bømlo (Spissøy) | 16,2 % |
Haugalandet | 6,4 % |
Ferjer: | |
Austevoll | 13,1 % |
Langevåg – Buavåg | 6,6 % |
Årsnes – Gjermundshamn | 2,8 % |