Meny Lukk

Jubileumsgåve til Den Norske Turistforening

Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) fekk onsdag ein gåvesjekk pålydande 15 millionar kroner av kulturminister Trine Skei Grande, ifylgje nettsidene til Kulturdepartementet.

Sjjekken er ei gåve i høve DNT sitt 150-årsjubileum i år. Regjeringa ynskte å gje ei gåve som skulle bidra til å vidareføra og styrka Turistforeininga sitt viktige arbeid med å legga til rette for naturopplevingar for heile folket, og i 2017 vart det avgjort at DNT skulle få halve overskotet frå lottotrekninga 25. august i år, med ei øvre grense på 15 millionar kroner. Pengane skal i første rekke verta brukte til bygging og oppgradering av DNT sine hytter i heile landet.

Bilete: Wenche Nybo/Kulturdepartementet

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: