Klima- og miljødepartementet gjennomfører fleire tiltak for villaksen i 2019. Mellom anna går pengane til genbank for laksefiskbestandane i Hardanger, nytt nasjonalt villakssenter og betre overvaking av laks i Tanavassdraget.
– Neste år har vi det internasjonale villaksåret, og Noreg har eit særskilt ansvar for villaksen. Difor er det naudsynt med ein solid innsats neste år, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen på Klima – og miljødepartementet sine nettsider
Regjeringa vedtok tidlegare i år å etablere ein genbank for laksefisk frå Hardanger. Arbeidet med genbanken er i gang og det vert ei stor satsing også i 2019. Det vil kosta nær 70 millionar kroner å bygga genbanken. Investeringsutgiftene vert fordelt over tre år, og ein planlegg å bruka om lag 20 millionar kroner i 2019. Genbanken vert etablert i tilknyting til Norsk institutt for naturforskning sin forskningsstasjon på Ims i Rogaland.
Det vert etablert eit nytt, nasjonalt villakssenter. Senteret skal styrka formidlinga av kunnskap om vill laksefisk. Regjeringa følgjer dermed opp Stortinget si handsaming av budsjettet for 2018. Det vert sett av om lag 7,4 millionar kroner til drift av senteret, som er planlagt med fire driftseiningar fordelt frå sør til nord i landet. Kommunane Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana har tatt på seg å vere vertskommunar for dei fire einingane.
Det vert òg tatt i bruk ein modernisert metodikk for overvaking av laks i Tanavassdraget og gitt tilskot til spesielle tiltak i samband med villaksåret. Til desse formåla er det sett av tilsaman om lag 5,6 millionar kroner.
Bilete: Opovassdraget. Illustrasjon