Meny Lukk

Kvinnherad sjette trafikksikre kommune i Hordaland

– Me har plikta oss til å jobbe vidare. Vi er ikkje i mål, sa ordførar Peder Sjo Slettebø då Kvinnherad markerte at dei er blitt trafikksikker kommune.

Det er nettsidene til Hordaland Fylkeskommune som fortel at Kvinnherad er den sjette trafikksikre kommunen i Hordaland. Dette er ei godkjenning der målet er å gjera trafikksikringsarbeidet systematisk og heilskapleg. Ikkje minst er det viktig å systematisere innsatsen og syna til kva og korleis barnehagar, helsestasjonar og skular skal bidra i arbeidet for ein betre trafikk-kultur.

100 00 kroner til stimulering

Hordaland fylkeskommune og Trygg Trafikk står bak konseptet med trafikksikker kommune. Fylkeskommunen har gjeve 100 000 kroner i stimulans til arbeidet med trafikktryggleik i Kvinnherad.

Markeringa av Kvinnherad som trafikksikker kommune skjedde i kommunestyret.

– Trafikksikker kommune er noko me har plikta oss til å jobba vidare med. Me er ikkje i mål, sa ordførar Peder Sjo Slettebø.

Mykje godt er gjort 

Frå fylkestrafikksikringsutvalet møtte Synnøve Solbakken. Ho peika på at Kvinnherad har gjort mykje godt arbeid, men at mykje står enno att. Distriktsleiar i Trygg Trafikk i Hordaland, Knut Olav Nestås, peika på alt det gode arbeidet Kvinnherad gjer, mellom anna i barnehagar og helsestasjonar.

Frå før er Vaksdal, Austrheim, Lindås, Bømlo og Sund trafikksikre kommunar i Hordaland. Neste kommune ut er Kvam der intensjonsavtale er signert. Det fylgjer 25 000 kroner med frå fylkeskommunen ved signering og ytterlegare 75 000 kroner når kommunen er godkjent som trafikksikker kommune.

Nestås seier at dei ynskjer samarbeid med fleire kommunar om å verta trafikksikker kommune.

Bilete: Fv 551. Bilete: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: