15 aktørar rundt om i landet får støtte til prosjekt som skal gi born og unge smaken på sjømat.
– Mange born og unge er glade i sjømat. Samtidig ser me at forbruket går ned. Gode kosthaldsvanar vert etablerte tidleg. Derfor støttar me prosjekt som skal gje born og unge smaken på sjømat, og som viser at sjømat er kjapt og enkelt å laga, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
Gjennom ordninga Sjømattiltak gir Nærings- og fiskeridepartementet støtte til prosjekt som skal gi barn og unge gode erfaringar med sjømat. Målet med ordninga er å bidra til gode kosthaldsvanar.
Både organisasjonar og privatpersonar med gode prosjekt kan søka om pengar til sjømattiltak. Pengane vert delte ut i to omgangar. Dei 15 aktørane som no får støtte, kan dela 1 640 000 kroner.
Det er sett av totalt 7,6 millionar kroner til sjømattiltak i 2018. Nærings- og fiskeridepartementet støttar også kosthaldsprogrammet Fiskesprell med 4 millionar kroner.
– Engasjementet for eit betre kosthald er stort i heile landet, seier fiskeriministeren.
Her er prosjekta som har fått tildelt pengar i andre runde:
Namn på søkar | Tildelte pengar | Fylke |
Trondhjems Skiklubb | 20 000 | Trøndelag |
KnarvikMila AKS-77 | 20 000 | Hordaland |
Norsk Smaksskule | 350 000 | Nasjonalt |
Imandal AS | 75 000 | Agder |
Hamar Olympiske Anlegg AS | 40 000 | Hedmark |
Den Norske Matfestivalen i Ålesund | 130 000 | Møre og Romsdal |
Kulinarisk Akademi | 120 000 | Oslo |
Havørn UIL | 15 000 | Troms |
Spindelfisk | 50 000 | Troms |
LianTunet | 300 000 | Trøndelag |
Grünerløkka Turnforening | 45 000 | Oslo |
Fra Hage til Mage | 350 000 | Rogaland |
Lofoten Sea Products AS | 35 000 | Nordland |
Alta idrettslag | 50 000 | Finnmark |
Dreyer Event | 40 000 | Troms |
Totalt | 1 640 000 |