Meny Lukk

Semje om fastlegane si oppgåvemengde

Helse- og omsorgsdepartementet og Legeforeininga har no vorte samde om fastlegane sin normaltariff. Det er semje om at oppgåvemengda for fastlegane har vorte for stor og at det må fleire fastlegar inn i ordninga.

– Eg er glad for at me no kan legga usemja mellom fastlegane og staten om normaltariffen bak oss. Me er samde om at oppgåvemengda har vorte for stor, og at pasientlista må ned. Skal me få til det, trengs det fleire fastlegar. Regjeringa har no forplikta seg til ei slik utvikling, og at nedgang i listelengde skal kompenserast økonomisk. Desse tiltaka vil bidra til at fastlegane får meir tid til pasientane, seier helseminister Bent Høie på departementet sine nettsider.

Regjeringa og Legeforeininga set ned ei arbeidsgruppe for å kartlegga omfanget av oppgåver som ikkje tidlegare er kompensert. Arbeidet skal ferdigstillast innan 1.3.2019. Dette er viktig for å behalda dagens fastlegar og for å legga til rette for aukt rekruttering.

– Regjeringa tek utfordringane i fastlegeordninga på alvor, og me tek ei rekke grep på kort og lang sikt for å forbetra fastlegeordninga. Me har mellom anna sett i gong ei evaluering av ordninga og me har reetablert trepartssamarbeidet slik at me saman kan drøfta utfordringar og løysingar, seier Høie.

Regjeringa set også av 15,6 millionar kroner til prosjektet ALIS-Nord for å prøva ut modellar for utdanningsstillingar i allmennmedisin. ALIS-Nord er eit samarbeid mellom kommunar i Finnmark, Troms og Nordland. Prosjektet skal legga til rette for at leger skal kunna gjennomføra spesialisering i allmennmedisin ved at det vert etablert utdanningsstillingar både med fast løn og i næringsdrift.

– Mange kommunar i Nord-Noreg har over lang tid hatt utfordringar med rekruttering av fastlegar. ALIS-Nord gir føreseieleg inntekt, god rettleiing og ei regulert arbeidstid. Dette er noko me veit at yngre legar ynskjer seg, og kan bidra til at fleire unge velgjer å verta fastlege, seier Høie.

Pressebilete av Bent Høie.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: