Meny Lukk

Lindenes gjer nytten

Odda kommune har sett inn den gamle zinkskøyta MS Lindenes for å frakta folk mellom Odda og Tyssedal medan rv 13 er stengt ved Byrkjanes. Skøyta går jamt og trutt i heile dag med siste avgang frå Odda klokka 22:00 med retur frå Tyssedal 23.15.

Det er uvisst kor tid vegen vert opna att. På Odda kommune sine nettsider kan du lesa rutetidene for torsdag.

Før Tyssedalstunnelen vart opna i 1962 hende det ikkje så reint sjeldan at det gjekk ras mellom dei fire korte tunnelane som på den tida var ein del av ferdselsåra mellom Odda og Tyssedal. Mange hugsar at Lindenes gjorde nytten innimellom den gongen også når steinras stengte rv 13, og det er mange minne som dukkar opp for somme av dei som i desse dagar stegar opp landgangen og ombord i skøyta.

Gode, gamle MS Lindenes gjorde nytten – den gong som no.
Filmsnutten under er teken i morgontimane i dag av programsekretær JK Flattun.

Framsidebilete: Lindenes ved kai i Odda. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: