– Me er klare for jubileumsfest i Ivar Aasen-tunet fredag 28. september, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding. Nynorsk kultursentrum fyller 25 år og feirar med eit gratisprogram som rommar både talar, musikk og tapasbuffet. – Me feirar dei som sette dette i gang, det som er oppnådd og alle dei som har vitja oss eller brukt tenestene våre. Difor vankar det ei overrasking for gjestene. – Aasen-tunet er ikkje ein stad du skal gå tomhendt frå, seier Grepstad som går av som direktør i oktober.
Det som er sikkert, er også at tunet blir fullt. Difor blir arrangementet strøyma til kafeen, så alle som tek turen får det med seg. Gjester kjem frå heile landet med kulturminister Trine Skei Grande i spissen, og alle får plass i salen eller i kafeen under programmet. Om kvelden er det ein open og enkel seremoni i paviljongen og ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta før festmiddag for 118 gjester på Hotell Ivar Aasen.
Kulturministeren legg ned blomar ved Ivar Aasen-bautaen i tunet og held foredrag om samfunnsrolla til nasjonale kulturinstitusjonar. Roger Erlandsen held eit foredrag om Jostein Nerbøvik som han kallar «ein meister frå Volda», og tidlegare rådsordførar Grete Riise, som også har vore nestleiar i styre, skildrar historia om «ideen som blei stor». På scena står også ei ung jente med ei ny stemme, men meir seier ikkje arrangøren om henne på førehand.
Det opne programmet tek til kl. 11 med direktør Ottar Grepstads jubileums- og avskilstale. – Den talen skreiv eg ferdig i mai, og eg endrar ikkje eit einaste ord, seier Grepstad. Torsdag er han med på sitt siste styremøte og legg fram eit forslag for vidare vekst i institusjonen. Fredag morgon er Grepstad med på sitt siste rådsmøte, før han i oktober gjer ferdig sine siste dokument og gjer alt klart for etterfølgjaren. Frå 1. november er Per Magnus Finnanger Sandsmark på plass som ny direktør.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum vart skipa 30. august 1993. Den gongen var føremålet å etablera Ivar Aasen-tunet som eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. No har Nynorsk kultursentrum tre museum og tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke på Aust- og Vestlandet, og det digitale oppslagsverket Allkunne.no. – Me har gått våre eigne vegar og prøvd å ta godt vare på det me fann undervegs, seier direktør Ottar Grepstad.
Bilete: Ottar Grepstad. Fotograf: Lars E. Flydal