Meny Lukk

Høyr mandagssendinga når det passar deg

Måndag 24.september snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med Anders Torp, Jesussoldaten, som heldt foredrag i Odda laurdag for å fortelja om demonutdrivinga han vart utsett for av sin eigen far i ei frikyrkje – menigheit i Oslo.

LO – leiar Terje Kollbotn er og på lufta for å fortelja om spørsmålet han vil stilla ordføraren på kommunestyremøtet onsdag. Han vil spørja om ordføraren vil lytta til NVE som ikkje tilrår utbygging av kraftverk i Opovassdraget.

Under vedlikehaldsarbeidet på Lindehuset er det funne asbest. Litteratursymposiet må derfor flytta somme arrangement til Odda kino. Festivalleiar Ingvild Ystanes fortel om dette i føremiddagssendinga.

Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på nettradio og på FM – bandet eller her og no på lenkene under.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: