Anders Torp vaks opp i eit pinsekarismatisk miljø i Oslo. Han hugsar at han heilt frå fireårsalder trudde at han befant deg i ein åndeleg krig, der han måtte sloss mot demonar og satanistar. Laurdag vitja han Odda og heldt føredrag i Sentrslbadet Litteraturhus, Arrangør: Human Etisk Forbund.
I samtale med programsekretær JK Flattun seier han at kampen han vart gjort til ein del av, stod mot alt det mørke som rørsla trudde kom frå djevelen og hans demonar. – Det var partnarskapslova, abortlova, kreasjonisme og den type ting. Det var ei radikal menigheit som ville ha alt attende til slik det var før, då religion hadde ei heilt anna stilling i samfunnet.
Torp fortel at han opplevde ei aukande radikalisering gjennom heile oppveksten. – Me skulle lesa Bibelen heilt bokstaveleg, men det var veldig mykje av det Jesus sa, som vart vanskeleg for ein tenåring å takla på eit så fundamentalistisk vis. Til dømes dette at dersom ditt høgre auga freistar deg til fall, skal du riva det ut fordi det er betre å gå einøygd inn i himmelen enn å få ei æve i helvetet.
Ei anna ord frå Bibelen som traff den unge Torp hardt, står i Jakob 4.4. – Det at ein skal venda seg bort frå denne verdas ånd, ein skal ikkje vera ven med verda. Ein kunne altså ikkje vera ven med verda og med Gud samtidig. Me måtte ta avstand frå alt det fæle som me trudde eksisterte rundt oss.
Dette og mykje anna er det Torp fortel om når han reiser rundt og held føredrag. Han fortel at fundamentalismen gjennomsyra heile barndomen og oppveksten. – Det var ikkje noko rom for at eg skulle vera meg, sjølvet skulle slettast og alt som var av kjød skulle brennast bort med heilag eld, som det står i Bibelen. Dét var noko eg trygla og bad om, fordi dersom eg gjorde noko som var syndig eller feil og ikkje oppførte meg eksemplarisk og som ein god Jesussoldat til ei kvar tid, trudde eg at eg ville koma til helvetet.
For ein tenåring vart det vanskeleg å vera rein no og Torp fortel om mykje angst, skam og depresjon i oppveksten, og han kom seg først ut av miljøet som 19 – åring etter å ha gjennomgått fleire tilfelle av tvil og mange demonutdrivingar.
– I tidlege tenår skubba eg berre tvilen bort når den kom, foreg trudde jo at den kom frå djevelen.
Då han vart litt eldre vart tvilen sterkare, og då opplevde han at demonen tvil skulle drivast ut og gjennomgjekk fire demonutdrivingar alt tidleg i tenåra. – Men etter at eg sommaren 2007 vart utsett for 27 demonutdrivingar og framleis opplevde meg sjølv som den samme syndaren, eg klarte ikkje å verta rein nok, klarte ikkje å leva opp til den høge moralske lista som rørsla hadde, nærma han seg brot med menigheita
Då var det daglege livet eit helvetet for unge Torp. – Og då tenkte eg til slutt at eg heller ville risikera at helvetet fins, for å ha det bra på jorda først, i dag er eg ikkje truande.
Anders Torp tok avstand til menigheita han tilhøyrde på eit tidspunkt då foreldra var midt i ein skilsmisseprosess, noko som gjorde at han ikkje måtte melda seg heilt ut av familien. – Mor mi har tatt veldig sterk avstand til mykje av det som skjedde opp gjennom barndomen min, så sjølv om eg måtte ta heilt avstand til Jan Åge (far) som var ei svært negativ belastning for meg, har eg god kontakt med resten av familien min.
Torp fortel at det kjem pastorar frå Pinserørsla og andre kristne miljø på foredraga hans, og seier at mange er svært takksame for at han er nyansert og minnar om at ein også må tolerera fundamentalistar. – Men eg ville gjerne kunna nå ut til fleire kristne, for eg tenker at det er menneske i dei miljøa som har størst behov for å høyra det eg har å fortelja.
Det skjer stadig nye ting i den karismatiske rørsla og Torp fortel at me no er inne i den «Fjerde bølga av den Heilage Ande». – Den snakkar mange i den pinsekarismatiske rørsla om, og den er ei av dei raskast veksande religiøse rørslene i verda i dag, med over 600 millionar medlemer.
Trass i mange negative erfaringar i det kristne miljøet han vaks opp i, ser Torp noko positivt i det kristne bodskapet. – Det er fleire gode ting som kristendomen tek opp som nestekjærleik og godheit, men alt er heilt avhengig av korleis det vert tolka. Om ein tolkar alt det radikale som står i Bibelen bokstaveleg, kan det gå svært ille.
Torp trur kkje lenger at det fins noko etterpå; himmel eller helvete.
– Det fins heller ikkje noko prov på Guds eksistens, då gir det ikkje noko meining for meg å fundera på det, seier agnostikaren Anders Torp i samtale med programsekretær JK Flattun.