Onsdag 19.september snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med Senterpartipolitikaren Salm Sjustræ som fortel om samanslåinga av lokallaga i Odda, Ullensvang og Jondal.
Det er fleire i Hardanger som driv både med frukt og sauer, Johannes Sekse er ein av dei og i dag fortel han korleis hans haust fortonar seg.
Kirkens Bymisjon har fått årets TV – aksjon og Tonje Eide Nilsen fortel om bymisjonen sitt arbeid i Odda.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på nettradio og på FM – bandet – eller på lenkene under når du vil.