DNT og Dytt gjentar suksessen og inviterer til ny aktivitetskampanje.
Frå 20. september og i seks veker framover kan du gå virtuelt innom ulike fjellområde og fylgja merka DNT-stiar som vist på NRK i sommerens sakte-TV. Du går ikkje turen fysisk, men tilbakelegg minst 10.000 steg dagleg for å nå målet. Då har du gått 350 kilometer, fylgd i Lars Monsen sine fotspor og halde eit aktivitetsnivå som gir deg god hels, ifylgje Den Norske Turistforening sine nettside.
Mange har eit ynskje om å verta meir aktive, men ofte gjer me det meir komplisert enn naudsynt. Me treng ikkje dyre medlemskap på treningssenter for å oppnå mål når mein kan gjera enkle kvardagsaktivitetar i nærmiljøet. Ein nøkkel til å lukkast, er å ha menneske rundt deg som motiverer, skriv DNT.
Dei som tek del i Dytt-kampanjen er dessutan med i trekninga av flotte premiar.
På biletet: Seljestad. Fotograf: Tone Mannsåker