21.oktober går årets TV – aksjon av stabelen og i år er det Kirkens Bymisjon som står i sentrum. Ved avdelinga i Odda har dei planlagt løpet fram mot aksjonsdagen og kjem til å synleggjera seg på ulike vis.
Elisabeth Hauge ved Kirkens Bymisjon i Odda fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at dei har vore i eit møte med kommunen. – Det som skjer framover er at 9.oktober kjem ordføraren og leiaren for TV – aksjonen på besøk til oss. Då skal me laga ein liten video som me legg ut på Facebook.
Hauge fortel at 13.oktober skal Kirkens Bymisjon ha ein stand på Sørfjordsenteret for å prøva å rekruttera bøssebærarar. – Og 16.oktober har me planlagt å ha ein open dag, der alle som vil kan koma innom og sjå korleis me har det. Det vert litt lett servering og litt prat.
20. oktober skal dei ha ein stand i Gågata i Odda. – Då skal me snakka litt om tiltaket og prøva å rekruttera fleire bøssebærarar.
Det er eit viktig arbeid som vert gjort av Kirkens Bymisjon rundt om i landet. – Det er ikkje berre éin type tiltak Kirkens Bymisjon har, seier Hauge. Det er ei rekke forskjellige aktivitetar som rettar seg mot ulike grupper i samfunnet. I Odda har me eit lavterskeltilbod til rusavhenmgige som heiter «Jobb».
Dei som tar del i prosjektet kan koma tre dagar i veka og jobba frå 09:00 til 13:00. – Det er litt plukking av boss, litt hagearbeid, me administrere bladsalet for Megafon og så har me fått Skattkammeret på Eide som er under oppbygging no.
Når det gjeld oppmøtet på Kirkens Bymisjon i Odda, fortel Hauge at det har vore veldig godt dei siste månadene. – Det har vore 14 – 16 personar som møter kvar einaste dag. Dei seier at dette er eit viktig tiltak for dei, ein grunn til å stå opp om morgonen.
Og når brukarane kjem i hus, vert dei møtt med eit smil og godmorgon. – Så lagar eg frukost og så samlast me rundt bordet og pratar om alt mogeleg før det er ut på jobb. Dette er ein veldig kjekk stad å arbeida, seier Elisabeth Hauge, som vonar mange vil melda seg som bøssebærar 21.oktober.
Les meir om årets TV – aksjon på Kirkens Bymisjon sine nettsider