På Bluesfrukosten laurdag føremiddag var det klart for å avrunda auksjonen av ei miniatyrutgåve i sølv av Lemmy sin bassgitar. Det er smykkekunstnar og gullsmed May Helen Bleie som har donert inntektene av auksjonen til Blueslaget lokst utøve. Det gjorde ho under opninga av verksemda si, Zilver Neckless, torsdag, og det er sjølvaste svennesstykket sitt ho har donert.
Som alltid var det Bård Ose som underheldt publikum under frukosten i Blueshelga og han fortalte innleiingsvis at Blueslaget sjølv hadde det høgaste bodet, på 3000 kroner, og han oppmoda andre til å by høgare.
Det tok ikkje lange tida før ein gjeng frå Bergen Bluesklubb baud 5000 kroner og det såg lenge ut til at gitaren ville hamna utafor kommunen, men slik gjekk det (heldigvis) ikkje.
Då det nærma seg slutten på frukostarrangementet, var det ein av Blueslaget sine medlemer, Margreta Eide, som henta gitaren heim att med eit bod på 6000 kroner og det var då ordføraren i Odda, Roald Aga Haug, «klinka til» med eit bod på 10.000 kroner. Dermed var det avgjort, Lemmy sin bassgitar vert verande i Odda – men ikkje nok med det.
Då Aga Haug entra scena for å motta kommunen si nyerverving, meinte han at dette vesle kunstverket måtte verta verande på Iris Scene, og gav det vidare på direkten til leiaren i Blueslaget, Stein Egil Legård. Dermed er Blueslaget/Iris Scene både 10.000 kroner rikare og den stolte eigar av sjølvaste svennestykket til May Helen Bleie, og Legård lova at den skal få ei plassering som er eit svennestykke verdt.
Bleie er sjølv medlem av Blueslaget og fortel at ho var lei seg fordi ho ikkje fekk gje ei hand under dugnaden for Iris Scene fordi ho då var midt i oppløpet i utdanninga si. Det fins ikkje nokon som ville finna på å klandra ho for manglande oppmøte der, men ho hadde eit så sterkt ynskje om å vera med på dugnaden at auksjon av svennestykket vart løysinga.
Hatten av for det!
Bilete: Tone Mannsåker