Litteratursymposiet i Odda vert arrangert for 14. gang 10. – 14. oktober. Tema for årets festival er LØGN.

I ei pressemelding reiser festivalleiar Ingvild Ystanes ei rekke relevante spørsmål knytt opp mot temaet

«Me lever i ei tid der den amerikanske presidenten vert tatt i å servera 2000 løgner det første året i embetet. Politikarar har fått dårleg hukommelse og held tilbake info for sjefen, og den ideelle organisasjonen som faktasjekker samfunnsdebatten har eit godt beite.

Skjønnlitteraturen vert stadig etterprøvd og kommentert av folk som kjenner seg uthengde – det er ikkje sant, det var ikkje sånn det var. Kva gjer det med oppfatninga vår av sanning? Og av litteraturen?

Kva gjekk gale i Svenska Akedemien? Har oppdrettsnæringa skulda for alt som er gale i norske fjordar? Kor langt kan ein dikta seg inn i andre sine hovud før ein slit med kjeldehenvisingane? Kor relevant er Ibsen livsløgner i dag? »

Dette og meir til skal utforskast når LØGN er tema på #littsymp 2018.

Om lag 80 forfattarar, musikarar, debattantar, skodespelarar og andre kunstnar kjem til Odda i veke 40. Som vanleg vil gamle vener av symposiet stå side om side med nye røyster på programmet.

– Festivalen har sidan 2005 utvikla seg til å verta ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar, eit fem dagar langt gilde med litterære samtalar, debattar, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar, avsluttar Ystanes.

Festival går i hovudsak føre seg på det nedlagde smelteverket i Odda.

Årets katalog kan lesast her:  Litteratursymposiet

På biletet: Ingvild Ystanes. Fotograf: Tone Mannsåker.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese