Meny Lukk

Ordning for lokale aktivitetsmiddel til idretten utjamnar forskjellar

Kulturdepartementet har mottatt ein evalueringsrapport om ordninga med Lokale aktivitetsmiddel (LAM). Rapporten viser at ordninga bidrar til auka aktivitetstilbod, til å halda kostnadene ved idrettsaktivitetar nede og til å bygga under den frivillige innsatsen.

Idretten, ikkje minst barne- og ungdomsidretten, er med på å skapa viktige fellesskap og er ein svært viktig arena der fleire barn og unge kan oppleva meistring og suksess. I tillegg er idretten ein viktig arena for både leik, læring og ikkje minst lagbygging. Det er eit mål at økonomisk situasjon og sosial bakgrunn ikkje skal vera til hinder for deltaking og frivillig innsats, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

– Eg er difor glad for at rapporten viser at ordninga fungerer godt. Lokale aktivitetsmiddel er ei ubyråkratisk ordning som krev få administrative ressursar. Nettopp difor har regjeringa valt å auka potten til det dobbelte dei siste åra. I år er det 367 millionar kroner til fordeling, og eg veit at til dømes Oslo Idrettskrets vil bruka sin auke i år, på fordeling til idrettslag som jobbar målretta for å senka kostnadene, seier kulturminister Trine Skei Grande.

I rapporten anbefaler Oslo Economics at LAM-ordninga vert vidareført med dagens modell. LAM fungerer som ei rein driftsstøtte til idrettslaga med visse føringar om fordeling og bruk. Rapporten understrekar at lokal tilpasning gjer det mogeleg å ivareta ulike behov og ynskje på tvers av kommunar og idrettslag. Evalueringa viser og at det er særs lite støy rundt fordelinga av middela frå idrettsråda.

Utvikling i tilskot til ordninga frå 2013  til 2018

År Tildeling
2013 164 mill. kr
2014 209 mill. kr
2015 294 mill. kr
2016 315 mill. kr
2017 337 mill. kr
2018 367 mill. kr

Mål for ordninga

  • Bidra til aktivitet og deltaking i medlemsbaserte lag og foreiningar som driver idrett og fysisk aktivitet for barn og ungdom
  • Støtte den frivillige innsatsen i laga
  • Bidra til å halda kostnadene ved deltaking i idrett og fysisk aktivetet nede
  • I retningslinjene er det presisert at idrettsråda skal ivareta likestilling og inkludering av barn og ungdom som i liten grad deltar i organisert idrett.

Kulturdepartementet er ansvarleg for ordninga, Norges idrettsforbund forvaltar ordninga.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: