Onsdag 5.september snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med Eldbjørg Furholt, dirigent for Tyssedalkoret. Ho fortel om bestillingsverket koret skal framføra i Odda Kino i Blueshelga.
Dagleg leiar på Nå Fruktlager, Torleif Helle, er og på tråden.
I reprise sender Flattun intervju med Ingri Deisz Horne, leiar for årets TV – aksjon i Hordaland.
Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på FM bandet og på nettradio eller umiddelbart på lenkene nedanfor.