«Mindre alene sammen» er namnet på årets TV – aksjon som går til Kirkens Bymisjon. Aksjonsdagen er 21. oktober. Fylkesleiar Ingri Deisz Horne fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at pengane som kjem inn, skal gå til å førebygga utanforskap.

– Det er mange i vårt samfunn som opplever å falla utanfor. Med TV – aksjonen skal me skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn med rom for alle. Pengane som vert samla inn, skal gå til å skapa 700.000 nye møte mellom menneske, seier Horne.

Måten Kirkens Bymisjon skal gjera dette på, er å oppretta nye tiltak rundt om i Noreg. – Målet er å skapa fleire møte som motvirkar utanforskap og forbetrar livskvalitet. Det kan ein gjera om ein gir nokon eit varmt måltid,  nokon å snakka med, ei seng for ei natt eller rett og slett å la nokon prøva seg i ny jobb. Det å verta sett er viktig.

Sjølv om vårt moderne samfunn har eit tryggleiksnett, meiner Horne at maskene er for store. – Det er framleis mange som fell utafor og som ikkje finn vegen inn att i felleskape, som ikkje føler seg velkomen.

TV – aksjonen er viktig av fleire grunnar meiner ho. – Aksjonen er ikkje berre ein innsamlingsaksjon, den er også den mest effektive haldningskampanjen i landet. Målet vårt er å redusera stigma og snakka ope om dette med å vera utanfor. Slik kan me skapa eit varmare samfunn.

Horne fortel at mange har vanskar med å få seg jobb når dei fell utafor NAV sine retningslinjer. – Kirkens Bymisjon vil oppretta tiltak for dei som fell utanfor dette systemet, om dei til dønes har ein eller to gode timar dagleg der dei føler at dei kan bidra i samfunnet.

Nye tiltak vil verta oppretta der Kirkens Bymisjon allereie er på plass og så vil det koma nye Kirkens Bymisjon rundt om andre stader i Noreg. – Vona er at dette skal få ringverknader slik at det vil koma nye møteplassar i framtida.

Kirkens Bymisjon er i dag etablert 40 stader i Noreg med over 200 tiltak
Horne fortel at ho nyleg har hatt ein rundtur i Hordaland og seier at det er godt engasjement for årets aksjon. – Den har vorte godt tatt imot og det er god stemning for mobilisering.

Den som vil vita meir eller/og har lyst å bidra, kan gå inn på blimed.no og registrera korleis  – til dømes som skule, bedrift, organisasjon eller privatperson.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.