Meny Lukk

Skutefest og foredrag i Rosendal

14.-16. September vert det Skutefest i Rosendal. I tillegg til storinnrykk av skuter vert det foredrag, skutekro, musikk, lubbesildkurs, sosialt samvær, aktivitetar for store og små og mykje meir.

Bjarne Ømyr fortel på vegne av arrangementsgruppa, i ei pressemelding at dei er svært nøgde med å kunna presentera desse foredraga som vert serverte i Folgefonnsenteret i Rosendal laurdag 15. September.

Bilete: Peter Helland Hansen. Fotograf: Lars Arvid Oma

Desse foredraga får ein høyra:

Prosjekt Galeas Gurine – 35000 dugnadstimar
Det startar med at vertskapet – Interesselaget for Galeas Gurine – presenterar det fantastiske arbeidet som er gjort rundt Gurine. Galeas Gurine vart bygd i Rosendal i 1875. Meir enn 35000 dugnadstimer er lagt ned sidan prosjektet starta våren 2011 og stemninga i dugnadsgjengen er framleis på topp, ifylgje pressemeldinga Neste år skal skuta på sjøen.
Les meir på gurine.no
Kristoffer Rustung – handelsaristokratiet i Sunnhordland og handlande bønder på 1500- og 1600-talet ved Jørn Øyrehagen Sunde
Kristoffer Rustung har røter på Seim ved Rosendal. Han vert gjerne i beste fall framstilt som bajas, og i verste fall som pirat. Han var ingen av delane. I staden var Kristoffer Rustung ein dyktig militær og truleg godt utdanna aristokrat som spelte ei sentral rolle i dansk-norsk politikk rundt reformasjonen. Han var òg ein typisk representant for handelsaristokratiet i Sunnhordland, der både aristokratar og bønder hadde handelen rundt Nordsjøbassenget som viktig inntektskjelde.
Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Universitetet i Bergen, og har vore tilknytta Baroniet som historikar sidan 2002.
Restaurering av Gjøa ved Morten Hesthammer
Fartøyvernsenteret i Norheimsund har hatt ansvaret for restaurering av “Gjøa”. Skuta har kome under tak på Bygdøy, og vore gjennom eit omfattande restaureringsarbeid. Leiaren for dette arbeidet – Morten Hesthammer – kjem til skutefesten for å fortelja om korleis dei har gått fram, og kva utfordringar dei har støtt på undervegs i prosjektet.
Morten Hesthammer er nestleiar for fartøyavdelinga ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund.
Kyrkjebåtar i Hardanger og fellesnaust for tradisjonsbåtar ved Peter Helland-Hansen og Kjell Magnus Økland
I september vert den nye kyrkjebåten til Hardanger Folkehøgskule sjøsett. Kyrkjebåten er kulturminne frå ei tid då fjorden batt oss saman, og kyrkjebåtane var å sjå på fjorden kvar einaste sundag. Bygging av slike store kyrkjebåtar har stor eigenverdi. Ein gamal og stolt kulturarv vert løfta fram og delt med nye generasjonar. Kan me også laga ny kultur gjennom god tilretteleggjing for bruk av slike båtar? Kan fellesnaust med nybygde tradisjonsbåtar verta både uteskule, folkehelse og turismeopplevingar?
Peter Helland-Hansen er trebåtbyggjar og leiar ved småbåtverkstaden ved Hardanger Fartøyvernsenter. I 2014 gav han ut storverket  «Strandebarmaren”.
Kjell Magnus Økland er dagleg leiar for Stiftinga Kystsogevekene. I 2016 gav han ut boka «Oselvar – den levande båten”.

Les meir på skutefest

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: