Meny Lukk

Staten og jordbruket inngår avtale om erstatning for avlingsskade

Partane i jordbruksoppgjøret har i dag vorte einige om at det skal utbetalast 525 millionar kroner i ekstra kompensasjon som fylgje av tørken og avlingsskader i sommar. Dette kjem i tillegg til dei aukte utbetalingane over avlingsskadeordninga, som er anslått til over 1 milliard kroner.

På biletet: Merete Furuberg leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag, Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. Bilete: Landbruks- og matdepartementet 

– Eg er godt nøgd med at me har vorte samde om ei løysing som er retta mot dei som er hardast råka av tørka. Eg meiner det er avgjerande at me har kome fram til ordningar som gjer at pengane kan koma raskt ut til bonden, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, i ei pressemelding.

Målretta avtale

Den langvarige tørken i sommar har gitt ekstraordinær stor avlingsreduksjon for bønder i fleire delar av landet. Regjeringa har fulgt utviklinga tett gjennom sommaren og har allereie gjennomført ei rekke tiltak: Mogelegheitene for forskotssutbetaling av erstatning for avlingsskade er aukt frå 50 til 70 prosent, det er innført forenkla krav til dokumentasjon ved søknader og det er gitt generell tollfriheit for import av høy og halm for å betra tilgangen på grovfôr.

Partane har lagt vekt på at pengane skal kunna utbetalast i 2018 og har derfor vorte einige om at det skal foretas ei ekstrautbetaling av husdyrtilskot tilsvarande 285 millionar kroner til dei hardast råka områda. Det vert vidare gjort ei ekstrautbetaling av arealtilskot til grønsaker på 500 kroner per dekar avgrensa til 500 000 kroner per foretak.

Med grunnlag i den ekstraordinære situasjonen, spesielt for husdyrprodusentar med eigen grovfôrproduksjon, er partane einige om å auka erstatningssatsen for grovfôr i foretak med husdyr, med 40 prosent. I tillegg vert maksimal utbetaling per vekstgruppe over avlingsskadeordninga auka frå 750 000 kroner til 1,5 millionar kroner.

Avtale med jordbruket 30. august 2018

  • Det vert gjennomført ei ekstrautbetaling av husdyrtilskoti fylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder, samt i kommunane Bjerkreim, Gjesdal, Strand, Sokndal, Eigersund og Lund.
  • Det vert gjennomført ei ekstrautbetaling av arealtilskot til grønsaker i fylkea Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder, samt kommunene Bjerkreim, Gjesdal, Strand, Sokndal, Eigersund og Lund.
    • Utbetalinga er avgrensa oppad til 500 000 kroner per foretak.
  • Erstatningssatsen for «grovfôr i foretak med husdyr» vert heva for avlingsåret 2018 med 1,55 kroner, frå 3,85 til 5,40 kroner per FEm.
  • Maksimal utbetaling for ordninga med avlingssvikt, vert heva for avlingsåret 2018, frå 750 000 kroner til 1 500 000 kroner per foretak.
  • Bønder som er råka av tørke og avlingssvikt i 2018 kan (etter søknad) få utsett frist for gjennom­føring av investeringsprosjekt.

Departementet vil legga fram forhandlingsløysinga for Stortinget gjennom ein egen proposisjon. Avtalen forutset Stortinget si godkjenning.

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: